fbpx

Alnæs søkjar gjestegitarist

Måndag 19 november kjem Frode Alnæs med soloførestillinga «Min dans med strenger» til Førdehuset. Alnæs, som regnas som ein av Norges beste gitarister og entertainer.
Førestillinga «Min dans med strenger» er ei konsertførestilling som spelar på hele følelse registeret, frå hysterisk latter til meir såre tema. Her inviterer den folkekjære artisten publikum med på ei personleg, underhaldande og glitrande musikalsk reise full av historie henta frå eige liv.
Publikum får servert nye låtar, musikkhistoria sine mest kjente gitarlåtar og ikkje minst hits frå Frode si solokarriere og frå Dance With A Stranger. Dette er ein stor produksjon med fire mann på scena, videodesign skjerm på 6×3 m samt lys- og lyd design.
Lokale gjestegitarister
På kvar stad har lokale gitartalent, for det meste ungdom, blitt invitert opp på scena og medverka på ein sjølvvalt låt. I vinter opplevde 35 lokale gitaristar å få spele med Frode og bandet. – Dette har vore ein stor suksess, og gjeve førestillinga ein ekstra dimensjon. Både publikum og vi på scena har elska dette innslaget. Kvar kveld blir ein unik oppleving, og eg trur dette har betydd mykje også for gitaristane rundt omkring i landet, seier Frode.
Til konserten måndag 19. november i storsalen i Førdehuset søkjer Frode også etter gjestegitarist.
Er du interessert send ein epost til post@fjordanemusikkforum.no.

-Fjordane Musikkforum –