fbpx

CC COWBOYS til Førde 9. november.

CC Cowboys er på nytt klare for haustturne og publikumsfavorittane kan melde at dei både gledar seg og oser av speleglede.  Med ei rekke prisvinande album, utselde konsertar og mange hitsinglar i bagasjen, har bandet turnert Noreg på kryss og tvers i imponerande tre tiår.

«Det er dette vi kan, det er på scenen vi vil være», sier Magnus Grønneberg som med CC Cowboys nå gledar seg til ny runde i manesjen.

Det meritterte og prisvinnande bandet har sidan debuten i 1990 vore tru mot sitt publikum, men samtidig retta blikket framover basert på arbeidsvilje, energi og kjærleik til musikken. Etter ein aktiv festival sommar på dei store scenene, er det på tide å trekke innandørs og publikum kan forvente å bli reve med når bandet drar i gang nye og gamle klassikar frå den imponerande låt-katalogen denne hausten.

CC Cowboys 2024 er:

  • Magnus Grønneberg, gitar og vokal
  • Per Vestaby, bass
  • Jørn Christensen, gitar
  • Eirik Tovsrud-Knutsen, keyboard
  • Henrik Maarud, trommer
  • Kyrre Fritzner, multiinstrumentalist

Laurdag 9.november kl.21.30 entrar CC Cowboys scene i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde. Velkomne. 

Arrangør Fjordane Musikkforum.