fbpx

CC COWBOYS til Førde og Sunnfjordsalen laurdag 16.oktober 2021.

«Vi gir oss aldri. Vi er CC Cowboys!»

Eit av landet sitt mest historiske band feira 30 år i 2020.
CC Cowboys har sidan starten vore ei oppvisning i uthaldeskap, kontinuitet, arbeidsvilje og speleglede. Mottoet til bandet har vore: «Bli ved din lest, enten du er skomakar eller spiller i band. Vær tålmodig, vær arbeidsom. Vær trofast mot deg selv og ditt publikum».
Deira fyrste album, Blodsbrødre, selde 90 000 eksemplara, og singelen «Harry» selde 20 000 sjølv. Den blei samtidig ei landeplage og ein song enormt mange framleis har eit sterkt forhold til.
CC Cowboys til å bli eit av Noreg sitt mest populære og hardtarbeidande band. Som i dag kan sjå tilbake på ein katalog med 12 studioalbum, i tillegg til eit par livealbum og samlealbum. Seinast ut var 2018 sin Perfekt normal, som mellom anna blei omtalt som «overraskande vital frå Fredrikstads svar på Rolling Stones» av Dagbladet.
CC Cowboys med Magnus Grønneberg (gitar, song) Jørn Christensen (gitar), Per Vestaby (bass), Agne Sæther (trommer), og saman med livemedlemmene Kyrre Fritzner (gitar, piano) og Eirik Tovsrud Knutsen (keyboard), ser dei fram til å kome til Førde og Sunnfjordsalen laurdag 16.oktober 2021. Ein konsert som kjem til å bli intet mindre enn magisk, og gutane er meir enn klare for det heile.

Dørene opnar kl.20.00.
Aldersgrense 20. år.
Billettsal på TicketCo.
Arrangør: Fjordane Musikkforum