fbpx

Frode Alnæs band

Alnæs dansar vidare med suksessførestillinga.

Måndag 19.november kl. 19.00 spelar Frode Alnæs band i storsalen i Førdehuset 

Etter braksuksessen våren 2018 og strålande kritikkar frå både pressa, publikum og arrangørar,
fortset Frode Alnæs si reise med soloførestillinga «Min dans med strenger».
Våren 2018 vitja han 35 kulturhus over hele landet. Til hausten ventar nye kulturhus på å få vitjing
av Alnæs, som regnas som ein av Norges beste gitaristar og entertainer.

– For meg og alle som har jobba med førestillinga er dette eit eventyr. Vi har fått berre gode

kritikkar og terningkast 6, så vi kan jo ikkje gje oss no. Derfor er det veldig stas at vi skal ut på
vegen også til hausten, seier Frode Alnæs.

Førestillinga «Min dans med strenger» er ei konsertførestilling som spelar på hele følelse registeret,
frå hysterisk latter til meir såre tema. Her inviterer den folkekjære artisten publikum med på ei
personleg, underhaldande og glitrande musikalsk reise full av historie henta frå eige liv. Publikum
får servert nye låtar, musikkhistoria sine mest kjente gitarlåtar og ikkje minst hits frå Frodes
solokarriere og frå Dance With A Stranger. Dette er ein stor produksjon med fire mann på scena,
videodesign samt lys- og lyd design.

Min blues.
«Min dans med strenger» handlar om gitaren som venn, trøst, gledesspreiar, reisefølgje og
kunstnarisk uttrykk. Den handlar om eit livslangt vennskap med instrumentet som trøsta då håret
falt av som 11-åring, om det å være annleis, til det å slå igjennom som musikar og å bli ein berømt
gitarist, artist og komponist.
– Eg skjulte meg jo med parykk i 16 år. Det er klart det har prega livet mitt å ikkje stå fram som den
eg var. I tillegg til all humoren og latteren i førestillinga ynskjer eg å fortelle ei historie om det å være
annleis, men å snu det til ein styrke, seier Alnæs.

Lokale gjestegitarister.
På kvar sted har lokale gitartalent, for det meste ungdom, blitt invitert opp på scena og medverka
på ein sjølvvalt låt. I vinter opplevde 35 lokale gitaristar å få spele med Frode og bandet. – Dette har
vært ein stor suksess, og gjeve førestillinga ein ekstra dimensjon. Både publikum og vi på scena
har elska dette innslaget. Kvar kveld blir ein unik oppleving, og eg trur dette har betydd mykje også
for gitaristane rundt omkring i landet.

Stjernelag på scena.
«Min dans med strenger» produsert av Alnæs’ eige selskap Frog Music AS. Ivar Tindberg har regi
på førestillinga og Frode er musikalsk ansvarlig. Med seg på scena har Frode eit stjernelag av eit
band:
Kapellmester/ tangentar: Morten Huuse
Bass: Knerten Kamfjord /Kjetil Sandnes
Trommer: Thomas Gallatin / Henrik Langer
Måndag 19.november kl. 19.00 spelar Frode Alnæs band i storsalen i Førdehuset

-Fjordane Musikkforum –