fbpx

Hanne Boel Akustisk Trio

Ein av Danmarks største artistar Hanne Boel kjem til Sogndal Kulturhus torsdag 3.november, og til Førdehuset måndag 7.november.

Hanne Boel utviklar til stadigheit si karriere. Når ho skal ut på turné i 2016 er det med eit program som er spekka med musikken som gjorde henne til allemannseie, det vil si med låtar som ”Don’t Know Much About Love”, ”Black Wolf”, ”Talk It Out”, ”(I Wanna) Make Love To You” og ”Light In Your Heart”. Det er likevel ikkje ei nostalgisk reise: Hanne Boel gjer nye tolkingar av låtane og kombinerer det med andre sine songar som står hennes hjarte nærast, framført på ein måte som Hanne Boel sine mange fans vil nikke gjenkjennande til. Det er soul, det er blues, det er jazz – det er simpelt hen Hanne Boel. Ganske enkelt!

Hanne Boel har eit stort publikum i Noreg etter 16 cd plater som ”Black Wolf”, ”Mistry Paradise”, ”Kinda Soul” med fleire, som har selt meir enn éin million eksemplar og gjort fleire tusen konserter rundt omkring i hele Europa.

No kan vi glede oss til konsert med Hanne Boel og gitaristane Jens Runge og Jacob Funch.

Billettar finn du her:

– Sogndal Kulturhus. Torsdag 3.november kl.19.00

– Førdehuset. Måndag 7.november kl.19:00