konsert og fest til alle

Johnny Logan til Førde og IRSK FEST

JohnnyLogan05

Den legendariske tre gangar Melodi Grand Prix- vinnande og noregsvennen Johnny Logan overraska alle med plata «The Irish Connection». For fyrste gang spelte Johnny Logan inn sine Irske favorittar og det har vist seg å være ein genistrek. Han selde til platina både i Norge og Danmark, no kjem han til Førde og IRSK FEST laurdag 22.mars på Rica Sunnfjord Hotel.

I 2010 kom plata «Nature of Love» som mellom anna inneheld ny-innspelingar av vinnarlåtane frå Melodi Grand Prix. No er Logan og bandet hans nok ein gong klar for Norgesbesøk, og kjem eins ærend med fly frå Tyskland til Førde tredje helga i mars, for å gje kunne denne konserten.

– Jeg er nå offisielt en meget, meget lykkelig mann, og forandrer navnet mitt til Johnny “The Viking” Logan, seier iren sjølv.

Plata «The Irish Connection 2» – The Irish Soul kom i 2012 og fekk god mottaking i Danmark og Norge. Han lager eit fantastisk liv frå scena og har ein smittande effekt på publikum.

Andre band på IRSKFEST laurdag 22.mars er Free Beer frå Otta som spelar Irskmusikk i Barthold Bar og Dr.Doc frå Stryn som spelar til dans etter showet til Johnny Logan & Friends i Sunnfjordsalen.

Billettsalet startar måndag 27.januar.

Warning: Undefined array key "popup_cookie_estzm" in /customers/8/f/f/fjordanemusikkforum.no/httpd.www/wp-content/plugins/cardoza-facebook-like-box/cardoza_facebook_like_box.php on line 924