fbpx

JØRN HOEL & STEINAR ALBRIGTSEN

– EI UNIK OG SJELDAN KONSERTOPPLEVING I FØRDEHUSET FREDAG 22. Mars.

To av landet sine mest kjende og kjære artistar har igjen bevist at dei er som gode vinar; dei blir berre betre og betre med åra som går. No blir det vinterturnè, og speling i nærleiken av deg!

Etter vanvitig, vellykka konsertar for fulle hus, ståande jubel og toppscore frå kritikar i sommar, gjenforenes Jørn og Steinar for å underhalde nye og gamle fans.

Gutane på 60 + leverer både nostalgi og nyskapning. Deira mest kjente hitlåtar spelast side om side med gamle og nye cover som vi alle kjennar og har eit forhold til. Saman med perkusjonisten, Aleksander Pettersen, skapar Jørn og Steinar eit akustisk, rytmisk og rått lydbilde som publikum kjennar, diggar og elskar.

Men det er ikkje berre musikken som vekkje oppsikt; barndomsvenane er også kjent for sine forteljeevner. Anekdotar frå eit langt liv som spelemenn, sladder, historier og venlegsinna mobbing av og om kvarandre får salen til å måpe i vantru og brøle av latter – og sjølvfølgeleg ein og anna ekte eller tvilsam kjærleikserklæring til deira nordnorske opphav følgjer med.

Røffe gitarspel, soulflørtande vokalprestasjonar på linje med legendene dei såg opp til og harmoniar så elegante, at sjølvaste Simon og Garfunkel fekk konkurranse, gjorde at gutane vakte oppsikt i ungdommen.

Sjølv om dei saman byrja sine karrierer som blues- og rootsartistar, slo Jørn gjennom først med «Inkululeko» i Melodi Grand Prix 1986. Han forlèt bluesen for morsmålet og han sprengte hjarter og salsrekordar med legendariske poplåtar som: «Har en drøm, Elske i sneen, og ”Ei hand å holde i». Seinare kom monsterhiten ”Lost in the tango”, før han ”kom hjem igjen” til røttene, R&B` og soul, der den karakteristiske stemma får skine.

Steinar fekk braksuksess i 1990 innan country-sjangeren med låtar som «‘Till the morning comes», « In Rosas heart», og «She belongs to the rain». Hans glimrande fingerspel, djupe, melodiøse røyst og fengslande tekstar og melodiar gjorde songane til umiddelbare klassikarar.

No er dei altså gjenforreint og turnerer landet rundt, der publikum vil oppleve deira unike samspel på scena som botnar i eit nært venskap frå barndomen, både på og utanfor scena.

Er du ein av dei som har gløymt konsertane si glede mellom pandemi, renteauke og stive straumprisar, kan vi love deg at denne kvelden vil jogge i gong både lyst, glød og hukommelse. Minne vil strøyme, allsong og latter sitje laust, og hoftene vil vrikke, ikkje minst til rytmar frå den dyktige perkusjonisten, Alexander Pettersen.

Det er berre å byrja å glede seg til vinteren sin store musikalske, nostalgiske heilkveld med desse gutane fredag 22. mars i Førdehuset.

Billettsal er starta på www.fordehuset.no