Legendariske New Jordal Swinger markerer avslutninga på ei 50 år lang og suksessrik karriere.
Fredag 20.september kjem dei til Kultursalen i Trivselshagen på Sandane.
Laurdag 21.september kjem dei til Storsalen i Førdehuset.
Bandet platedebuterte i 1974 med albumet «Hold On!» som også gjekk inn på listene i Danmark og som blei starten på fleire tiår med plateutgjevingar og heftig turnering særleg i Noreg, men også i Danmark.
New Jordal Swingers har for lengst passert 4000 konsertar og ein halv million selde plate. Bandet har turnert på kryss og tvers i landet og Casino Steel skal ha uttalte: «Det finnes utkantstrøk i Norge som berrekongen og New Jordal Swingers har besøkt!»
Under avskjedsturnéen der bandet på 5 personar også stillar med blåserekke på 3 personar, og vil vi få eit tverrsnitt av New Jordal Swingers-repertoaret opp gjennom åra, det heile i spedd ein solid dose tradisjonell og klassisk «God gamal rock and roll», ein tittel som også føyer seg pent inn rekka med hits.
Bandet har spelt fleire gonger med rockens viktigaste stilskapar som Chuck Berry, Scotty Moore, James Burton og D.J. Fontana, og i 2015 blei då også New Jordal Swingers innlema i Rock-A-Billy Hall Of Fame i Jackson, Tennessee.
Her heime opna New Jordal Swingers Oslo Konserthus, Grieghallen i Bergen og Drammenshallen, og det var Dagsavisen som etter bandet sitt siste album kunne konstatere at gjengen er «den einaste rockegruppa som forsatt kan konkurrere med Motorpsycho om norgesrekorden for flest studioalbum …»
Mellom New Jordal Swingers sine mange originalhits, finn vi titlar som «Railroad Man», «Turn On To The Music», «Helpless girl», «Free And Easy», «Tornerose», «Før lyset brenner ned», «Speilet» og «Belfast Cowboy». «Mama’s Got The Blues» toppa Europatoppen, «Rock Machine» blei kåra til tidenes Norsktoppfavoritt 23 år etter utgivinga, og tittellåten til filmsuksessen «1958» blei ein av bandet sin aller største seljar.
I jubileumsåret har Christer Falck bedt Eigil Berg oppdatere katalogen med ekstra spor for framtidige utgjevingar på Falck Records, og også Universal planlegg å oppdatere New Jordal Swingers si hitsamling digitalt.
New Jordal Swingers som mange har kalla «En institusjon i norsk musikkliv», er grundig profilert i Eigil Bergs kritikarroste bok «I musikkens teneste» frå 2023, ei bok som allereie er ute i sitt andre opplag.
Etter nå 50 år i en turbulent bransje kan ingen rokke ved New Jordal Swingers sin posisjon som Norges lengstlevande og samen hengande aktive rock’n’roll-band, «survivors» i ordets rette forstand!
New Jordal Swingers – 50 årsjubileum og avskjedsturne er:
- Eigil Berg: vokal/piano/gitar – Original
- John Kolloen: trommer – Original
- Svein Finjarn: vokal/gitar – Original
- Anders Sinnes: vokal/gitar
- Ole Marius Melhuus: bass
Blåserekke: - Tore Krok Nielsen: Sax
- Bjørn Asper: Trompet
- Tony Boye Ascanio: Trombone
- Eilif Stene: lyddesign
- Rune Langaard: lys og videodesign