fbpx

Plumbo til Sunnfjord Vinterfest 2015

 

PLUMBO til «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 14. februar 2015.

Plumbo pressebilde 2014
Plumbo er eit band frå Sande i Vestfold som såg sitt lys fyrste gang i 1999.
Dette har så langt resultert i 4 Gullplater, 1 Spelemannspris og 6 cd utgjevingar. «Full Opning» (2002), «På vei til Harryland» (2006). «Råkk`n Råll Harry» (2010), «Møkkamenn live» (2011), «Rådebank» (2012) og «Kom Som Dæ Sjæl» (2014)

I 2010 fekk Plumbo ein hit med songen «Møkkamann», som vant Spelemannsprisen for «Årets hit 2011». Låta har vorte streama over 6 millionar gonger på nettet. Den offisielle musikkvideoen passerar i desse dagar 4,2 millionar visningar på You tube. Plumbo er ein av dei første artistane i Noreg som får trofé basert på digitalsal.

Tideleg i 2012 var Plumbo med i Melodi Grand Prix, der dei vant delfinalen i Larvik og kom til gullfinalen i Spektrum med låten «Ola Nordmann». Dette er også ein låt som allereie er lasta ned til Gullplate som gutane har fått utdelt.

Plumbo er eit av Norges mest turnerende band med utselde hus over heile landet.
Med tekstar som har ein smittande effekt på publikum, frå frontfigur Lars-Erik Blokkhus blir ein fort i godt humør. Plumbo er eit fantastisk liveband som lager eit forrykande sceneshow som bare må opplevast og som får publikum til å hive seg ut i allsong.

Plumbo er:
Lars-Erik Blokkhus – Gitar & Vokal. Tommy Løken-Elstad – Bass & Kor
Glenn Hauger – Fløyte & Torader. Tor-Erik «Elg» Knudsen – Trommer
Henning Hoel Eriksen – Keyboard

Plumbo spelte på årets «Sunnfjord Vinterfest» med stor suksess, og styreleiar Agnar Gjelsvik i Fjordane Musikkform er svært glad for å få dei tilbake i 2015.

Har du ikkje vore på Plumbo konsert, så ta turen på «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 14.februar 2015 i Sunnfjordsalen, du vil ikkje angre.

Billettsal i resepsjonen på Scandic Sunnfjord Hotel & SPA, eller kjøp eBillett HER.