fbpx

PLUMBO til «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 15. februar 2014.

OffisiellPlumbo.com OffisiellPlumbo.com
PLUMBO til «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 15. februar.
Plumbo er i desse dagar ute med si nye plate «Kom som dæ sjæl» og har øvd inn eit nytt party-show til spelinga i Sunnfjordsalen laurdag kveld.

Tidlegare plater har så langt resultert i 4 Gullplater, 1 Spelemannspris og 5 cd utgjevingar. «Full Opning» (2002), «På vei til Harryland» (2006). «Råkk`n Råll Harry» (2010), «Møkkamenn live» (2011) og «Rådebank» (2012).

I 2010 fekk Plumbo ein hit med songen «Møkkamann», som vant Spelemannsprisen for «Årets hit 2011». Låta har selt til trippelplatina på I-Tunes med 33.000 nedlastingar og vorte streama over 6 millionar gonger på nettet. Den offisielle musikkvideoen passerar i desse dagar 3,8 millionar visningar på You tube. Plumbo er ein av dei første artistane i Noreg som får trofé basert på digitalsal. Tideleg i 2012 var Plumbo med i Melodi Grand Prix, og kom til gullfinalen i Spektrum med låta «Ola Nordmann».

I januar 2014 kom ny cd med tittelen «Kom som dæ sjæl», etter tittelsporet. Dette er ikkje ein tilfeldig tittel for Plumbo, som er opptekne av å inkludere alle, uansett alder, kjønn, rase, handbagasje, utdanning og sosial status. Bodskapet er; at med Plumbo kan absolutt alle komme som sæ sjæl, utan å måtte ta på seg ei rolle, eller fram stå som noko anna enn det dei er. På den nye plata har bandet tatt eit skritt vidare i den kreative verda, og inngått samarbeid med produsent og hitmakar Ole Evenrud. Med sitt kritiske øyre, og sans for «det lilkle ekstra», har Ole Evenrud bidrege til å løfte bandet musikalsk og kvalitets messig, til eit nytt nivå.

Plumbo er eit av Norges mest turnerende band med utselde hus over heile landet.

Med tekstar som har ein smittande effekt på publikum, frå frontfigur Lars-Erik Blokkhus blir ein fort i godt humør. Plumbo er eit fantastisk liveband som lager eit forrykande sceneshow som bare må opplevast og som får publikum til å hive seg ut i allsong.

Plumbo er:

Lars-Erik Blokkhus – Gitar & Vokal. Tommy Løken-Elstad – Bass & Kor

Glenn Hauger – Fløyte & Torader. Tor-Erik «Elg» Knudsen – Trommer

Henning Hoel Eriksen – Keyboard

Plumbo spelte på «Sunnfjord Vinterfest» i fjor med stor suksess, og styreleiar Agnar Gjelsvik i Fjordane Musikkform er svært glad for å få dei tilbake i år.

Har du ikkje vore på Plumbo konsert, så ta turen på «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 15.februar kl.22.30 i Sunnfjordsalen, du vil ikkje angre. Her blir det FEST !

Andre band på «Sunnfjord Vinterfest 2014» er Førdebandet «VIMENN» som spelar party-musikk i Barthold Bar frå kl.21.30 og Askvoll bandet «Sunday Morning» spelar til dans frå kl.00.30 i Sunnfjordsalen, etter Plumbo showet.

-Fjordane Musikkforum –

Meir info:

www.offisiellplumbo.com

www.facebook.com/fjordanemusikkforum