fbpx

Poor Boys CC Revival Band til Sunnfjord Countryrock fredag 27 oktober.

The Poor Boys CC Revival Band omtalas av arrangørar og fans som Noregs råaste Creedence tribute band. Bandet har base i Bergen og turnerar Sør-Norge på kryss og tvers. Spelejobbar varierer frå store festivaljobbar som Seljordfestivalen, dansefestar, pubjobbar til musikklubbar. Creedence er tidlaus musikk som når dei fleste uansett om ein likar country, blues og rock’n roll. I 2016 delte The Poor Boys CC Revival Band scene med storheter som Nazareth og Bellamy Brothers.
The Poor Boys har ivareteke sjela i Creedence musikken. Bandet spelar med stor intensitet og med ein ærlegheit som gleder alle Creedence hjerta. John Fogerty ville utvilsamt vore svært fornøgd etter ein kveld med The Poor Boys CC Revival Band. Kjende låtar er m.a. Proud Mary, Have you ever seen the rain, Bad moon rising, Cotten Fields, Down on the corner m.fl.
Medlemmer i The Poor Boys CC Revival Band er: Karl Henrik Svensson (gitar/vokal), Hans Tore Hansen (bass/vokal), Tormod Kayser (trommer) og Helge Laastad (gitar).
Bandet spelar til fest og dans fredag 27.oktober for eit feststemt publikum i fleire generasjonar på Larris-klubbscene under Sunnfjord Countryrock i Førde.
-Fjordane Musikkforum-