fbpx

Return til Florø laurdag 7.mars

Return til Florø laurdag 7.mars – 40 år med powerballadar.

Florø Rockeklubb & Fjordane Musikkforum presenterer eit av Norges mest seljande rockeband Return, som feirar seg sjølv med akustisk turné.

I 1980 starta fire gutar frå Stange å spele i band med ein draum om å bli rockestjerner. Med powerballadar som «Bye Bye Johnny», «Sing Me A Song» og «Can You Forgive» skulle draumen gå i oppfylling og har gjort Return til eit av Norges største rockeband gjennom tidene.

I 2020 feirar Return 40 år med ein akustisk turné som tar publikum med på ei reise gjennom bandet si eventyrlege historie, med video og bilde frå heile karriere. Mange av klyppa er frå bandet sitt private arkiv og er aldri vist tidlegare. Bandet sin musikkstil har gjennom nesten tre tiår; det har helde
fast ved den typiske 80-tallsrocken, powerballads.

Return er :
Knut Erik Østgård, vokal og gitar
Henning Ramseth, gitar og kor
Tore Larsen, bass og kor
Øyvind Håkonsen, trommer

Laurdag 7.mars kl. 19.00 spelar dei i Flora Samfunnshus kinosalen. Konserten varer cirka 2 timar.
Servering/sal av forfriskingar før konserten
Konserten vert produsert av Fjordane Musikkforum, Florø Rockeklubb og Flora Samfunnshus.