fbpx

Sigrid Moldestad med førjulskonsertar

”Vintersong” med vener.

Sigrid Moldestad gjer seg klar til eit musikalsk gjestebod framfor jul. Ho kallar konserten ”Vintersong” og den vil med det ikkje berre innehalde julereportoar, men også andre songar og låtar som passar den mørkaste årstida. ”Ein muligheit å gjere songar eg ikkje gjer elles,” seier Moldestad. I grenselandet mellom folkemusikk, americana, viser og salmar vil folkartisten gje publikum ei personlig, livlig og vakker stund med ord og tonar, både i engelsk og norsk språkdrakt.

Ho tek med seg eit venelag av 5 musikarar på ferda i tillegg til nokre spesielle gjestar på utvalde stader. ”Vintersong” tek til i slutten av November og vitjar i hovudsak Sogn og Fjordane og Hordaland. Premieren vert i Bergen 18 November.
Sigrid Moldestad er ei av våre fremste folkartistar. Med 4 soloplater, 2 Spelemannsprisar og ei rekkje utmerkingar i bagasjen har ho jobba seg fram som ein attraktiv og aktiv musikar med særpreg. Vinteren 2014 kom plata ”Brevet til kjærleiken” med tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim tonesett av Moldestad. Musikken på plata gav uvanlig god mottaking frå kritikarane og fulle konserthus. Sigrid Moldestad er kjend for å levere unike, gode og personlige møter med sitt publikum, såvel som ho alltid omgjev seg med stjernelag av solide musikarar.
”Vintersong” blir ikkje noko unntak.

Dette er fyrste gong Sigrid Moldestad legg ut på førjulskonsert-turne.

Turnéliste:

  • Ørsta kulturhus torsdag 20.november kl.19.30
  • Stryn kulturhus fredag 21.november kl.19.30
  • Flora Samfunnshus laurdag 22.november kl.19.00
  • Samfunnshallen i Måløy søndag 23.november kl.19.00
  • Operahuset Nordfjordeid laurdag 13.desember kl.19.00
  • Fleire kjem i desember (Førde og Sogndal)

Billettsalet er starta.