fbpx

Sigrid Moldestad med si fjerde plate og konsert i Førdehuset fredag 28.februar.

sigrid-moldestad-1-C-MagnusSkrede

”Brevet til kjærleiken”

14 Februar 2014 slepp folke-artisten Sigrid Moldestad si fjerde soloplate. Den har fått tittelen ”Brevet til kjærleiken” og er ein hyllest til diktaren Jan Magnus Bruheim (1914-1988).  I hans dikting har Sigrid Moldestad funne tekstane ho har laga songar av. Tekstane kretsar rundt kjærleiksgrepet i si vidaste forstand og om det å være menneske og medmenneske.  I konserten ”Brevet til kjærleiken”, som opphavleg er ein tittel av Bruheim, får publikum møte både dei nye songane og nye historie blanda med anekdotar og låtar frå Sigrid Moldestad sine tidlegare tre plater. Sigrid Moldestad er kjent for sin sterke tilstadesværelse og formidlingsevne. Ho har med seg eit knippe musikarar på scena, blant anna plateprodusent og gitarist Kato Ådland.

Produsent Kato Ådland er mellom anna kjent for sitt samarbeid med Sondre Lerche, Nathalie Nordnes, Røyksopp, Hans Petter Gundersen m.fl. Han er gitarist på albumet saman med musikarane Kåre Opheim (trommer), Sigbjørn Apeland (trøorgel),  Morten Skage (bass) og Anders Røine (langeleik).

I tillegg gjester Jørgen Sandvik (mandolin/el-gitar)  Anders Hall (bratsj/fele)  og Anders Bitustøyl (bass).

”Brevet til kjærleiken” blir  gjeve ut på fødselsdagen til Jan Magnus Bruheim. 14 februar. Han døde i 1988, og 100 års dagen hans skal markerast både med denne plata, ei revidert utgåve av ”Dikt i utvalg”, konsertar og arrangement utover jubileumsåret. Bruheim kom frå Skjåk i Gudbrandsdalen, men budde fleire år i eit nedlagt skulehus ved havet i Sogn og Fjordane. Nærmare bestemt Botnane.

Det same skulehuset drog Moldestad og Co til for å gjere hovudinnspelinga av plate hausten 2013.

Sigrid Moldestad & Band skal ut på lanseringsturne for nye plata «Brevet til kjørleiken» som kjem i februar 2014, og spelar i Kultursalen i Førdehuset fredag 28.februar kl.19.00. Billettsalet er starta.