fbpx

SLADE TIL FØRDE 20.april

Billettsal: Resepsjonen Rica Sunnfjord Hotel & Spa / eBillett

SLADE Picture 2007 Hi Res
Frå venstre: Mal McNulty-vokal/gitar, Don Powell – trommer, Dave Hill – gitar/vokal, John Berry-bass/gitarvokal/fiolin.

Fjordane Musikkforum han henta inn eit av verdas største Glam-rock band på 70
tallet Slade frå England. Slade gjer for tida få og eksklusive konsertar, og kjem til
Norge denne helga berre for Førde konserten, med heile sitt arsenal av evergreens
intakt.

Slade blei ofte omtalt som det nye Beatles. Og det var kanskje ikkje så langt frå
sannheita i ein periode. Dei to låt skrivarane Noddy Holder (vokal/gitar) og Jim Lea
(bass/vokal) opp viste i alle fall ein utrolig teft for allsong refreng den første halvdelen
av 70-tallet. Godt hjelpt av Dave Hill (gitar) og Don Powell (trommer) herja dei toppen
av hitlistene frå 1971 og til langt inn på 80-tallet.

I løpet av karrierar kunne dei notere seg for ikkje mindre enn 21 Topp 20 hits og dei
var dermed glamrocken sine ukrona kongar. Om Marc Bolan og T. Rex kanskje var
aller først ut med roting i sminkepungen så tok Slade, og då spesielt gitarist Dave
Hill, glamrocken til helt nye, og absurde høgde.

Slade selde også mange plater. Deira taktfaste glamrock fikk hele Europa til å
skjelve i fem, seks år. På rekke og rad trilla dei frem hits som; «Mama Weer All
Crazee Now», «Gudbuy T» Jane», «Cum On Feel The Noize», «Skweeze Me Pleeze
Me», «Merry Xmas Everybody», «Everyday» og «Far Far Away». LP» ar som «Slade
Alive», «Slayed» og «Old, New Borrowed And Blue» helt også liv i dei aller fleste festar
på den tida.

Då punken kom, og Slade samtidig skulle prøve å slå gjennom i USA, gjekk litt
av lufta ut av ballongen. Likevel klarte Slade å få ein solid oppsving i 1983 med
lighterframkallande og skjerfsvingande songar som «My Oh My», «Run Run Away»
og «All Join Hands».

Don Powell og Dave Hill spelar framleis saman i Slade, og utgjer stammen i bandet
som besøker Førde tredje helga i april. Gjer deg klar til tidenes allsangkveld og
mimrestund i Sunnfjordsalen på Rica Sunnfjord Hotel. Billettsalet startar tysdag 5.
mars.

Billettprisane til SLADE  og 70-tallsparty er:

  • Førehand kr. 430.-
  • Grupperabatt ved kjøp av minimum 10 billettar kr. 390.- pr billett
  • Inngang kr. 470.-

Aldersgrense 20 år.

Billettsal: Resepsjonen Rica Sunnfjord Hotel & Spa

eBillett

 

Sunnfjordsalen:
Slade kl. 22.30  – ViMenn ca. kl. 0030 til 02.00

Barthold bar:
Gilbeys kl. 21.30 til 02.00

http://youtu.be/0gPulu85q04

http://youtu.be/1A5pWg2rtNc