fbpx

Smokie til Førde

Etter den store suksessen Smokie hadde i 2009 og 2012 med utselte konsertar, kjem dei tilbake til Førde.

Laurdag 17. september spelar Smokie i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel, med høg allsong faktor til ”Living Next Door To Alice” og fleire verdshits.

I Barthold Bar spelar partybandet «??????» opp til dans.
……………………
Fjordane Musikkforum hentar Smokie med fly inn til Norge denne helga, berre for å gjere denne eine konserten i Førde. Smokie kjem fredag kveld og reise tilbake til England søndag.
……………………
Engelske Smokie starta si karriere i 1973, og har med hit låtane
”Living Next Door to Alice” ,
”O Carol”,
”Lay Back in the Arms of Someone”,
”Needles and Pins”
og andre hitlåtar turnert verda over dei siste 30 åra for fulle hus, som eit av Europas mest populære pop/rock band.

Nicky Chinn og Mike Champman signerte bandet i 1974 og skreiv Smokie sin første store hit ”If You Think You know How To Love Me.”

Smokie turnerte med stor popularitet i mange år fram til vokalisten Chris Normans slutta i 1986. Ny vokalist Alan Barton overtok mikrofonen, fram til han omkom ei trafikkulykke i 1995. Mike Craft vart då bandet sin nye vokalist, som han framleis er.

Smokie har gjeve ut ca. 27 cd` ar og totalt selt ca. 30 millionar cd ‘ar, 13 Topp tjue hits og mange Nr 1 hits på salslistene verda over. ”Living Next Door To Alice” har åleine selt 10 millionar eksemplar. I Noreg er Smokie det bandet som med sine hitlåtar lengst har vore inne på VG lista. Bandet sin siste cd er ”Take A Minute” som kom i 2010 og samlealbumet «Gold Smokie» i 2015

Smokie er i dag:
Mike Craft – vokal og rytmegitar.
Mick McConnell – gitar og vokal.
Terry Uttley – bass og vokal.
Steve Pinnell – trommer.
Martin Bullard – keyboards.

Billettar kjøper du her

Info på bandet si nettside:

www.smokie.co.uk