Sunnfjord Countryrock, fredag 24. og laurdag 25. oktober

Sunnfjord-Countryrock

Fredag 24 og laurdag 25. oktober vert Sunnfjord Countryrock arrangert på Rica Sunnfjord Hotel i Førde for 12 gang av Fjordane Musikkforum.

FREDAG 24.OKTOBER

Crashville: Barthold Bar
_MG_8982_1170x400
Countrybandet Crashville frå Ørsta gav i oktober 2013 ut ein digital single saman med ei av Norges mest populære countryartistar Liv Marit Wedvik. Dette er ei roleg låt med tittelen «Aldri ei tåre» skreven av bandet sin trommeslagar Øystein Nybø. Dette er fyrste gong Liv Marit Wedvik syng på norsk på plate og låta har allereie før utgjevingsdagen fått stor merksemd og bandet håpar låta vil slå godt an.
«Aldri ei tåre» er første nye innspelinga Crashville har kome sidan den eigenproduserte plata «Fyrste reis» i 2011. Den bestod av 10 eigenkomponerte melodiar med tekstar med lokal forankring i Ørstadialekta. Bandet står også denne gong for produksjon og utgiving sjølv.

Crashville er:

  • Svein Ivar Holen: vokal og ak.gitar
  • Hans-Christian Humberset: el.gitar og kor
  • Kristiane Runde: fiolin
  • Tom Andre Holen: bassgitar
  • Øystein Nybø: slagverk

Kruttrøyk: Barthold Bar
Kruttrøyk
KRUTTRØYK med musikarar frå Førde og Sandane vert rekna som eit av Noregs beste Countryrock band. Dei har gjeve ut platene ”Farande Fant” (2009), «Kuler & Krutt» (2006), «Kruttrøyk» (2003). som alle fått heiderleg omtale i musikkpressa.
Kruttrøyk har gjeve ut videoen ”Kallen med kragen ‘en” – ein vanvitig låt tilført ein vanvitig video som har vorte mykje vist på NRK Country Jukeboks.!

Kruttrøyk anno 2014 er:

  • Jens P Dyrdal, vokal og akustisk gitar.
  • Hans Robert Hyllestad, div. gitarar, Steel gitar, mandolin og vokal.
  • Jørn Moen, trommer.
  • Torbjørn Gran, bass og vokal.

BECCA m/band: Sunnfjordsalen
Becca
BECCA, Vibeke Grøtli Fossentok, tok Country-Norge med storm med si debutplate “Såmmår i bøgda”. Ho har skreve mesteparten av låtane sjølv og leverar ei solid plate der godbitane står i kø. Hitlåten ‘Såmmår i bøgda’ opnar plata og har rulla og gått på Youtube. I tillegg er plata full av både up-tempo country låtar (Rocking, Like dæ) og vakre balladar (Herlig drøm, Siste sjanse). Har du sansen for Shania Twain og Dolly Parton vil du nok trivast i selskap med Becca!
Ho har turnert Norge rundt i 3 år med Stage Dolls, Sie Gubba og Too Far Gone.

I desember 2013 kom hennes andre album “Frøken Lakenskrekk”. «FrøkenLakenskrekk» inneheld 10 fengande og varme countrylåter om både stort og smått, bl.a. duetten «Flyg» som Becca både har skreve og framførar med samboaren Børge Rømma, vokalist i bandet «Too Far Gone». Alle låtane blir framført på Becca si eiga trønderdialekt, noko som er med å setje ein ekstra spiss på plata.

LAURDAG 25.OKTOBER:

Steinar Engelbrektson: Barthold Bar
steinar engelbrektson
Steinar Engelbrektson er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. I 2012 vart Steinar nominert til Gullskoen 2012 for si plata «Terningen er kasta». No er Steinar igjen vorte nominert. Både i Gullskoen 2014 «årets danseband» og» årets danselåt» med låten «Heim til Nordfjord».
Bandet er:

  • Steinar Engelbrektson, trekkspel,bass og song
  • Tor Ove Sjåstad, trommer
  • Olav Hammersland, gitar
  • Lars Egil Vågseter, steelgitar
  • Sissel Sundby, piano, orgel og sang

Steinar Engelbrektson Band er stolte av og vere innehavar av verdsrekorden på Dansefot Jukeboks der låten “På grunn av bagateller” har vore inne på lista sidan februar 2004.

Vassendgutane: Sunnfjordsalen
Vassendgutane 2014
VASSENDGUTANE har dei siste 14 åra gått frå å vere eit lokalt festband, til no å vere Noregs kanskje mest etterspurde liveband.
Den siste plata «HESTESLEPP» , kom våren 2013 og gjekk gjekk rett til topps på VG-lista, og får strålande tilbakemeldingar frå fansen. Plata Hesteslepp er ein god oppfølgjar til tidlegare plater. Bandet har tillate seg å eksperimentere med nye stilarter innan country, og det er tydelig at dei tre nye musikarane som har komt med i løpet av siste året har hatt sin innverknad på slutt resultatet.

Det har også kom ein ny musikkvideo, «Feite Egil» som omhandlar ein matglad kar som møtar opp i 20-års konfirmasjonsfest, og får ein heller bastant kommentar på sin kraftige kroppsbygning. Videoen blei raskt ein hit på Youtube, det er tydeleg at fansen sete pris på både musikken og å sjå bandet.

På konsert med Vassendgutane får du oppleve kva det vil seie å være på ein ekte fest på lokalet. Bandet gjev alt, og drar med publikum i allsong så det ljomar! Det er nesten umulig å forlate lokalet utan å være i godt humør.

Bandet har hittil komt med 7 CDar og 2 live konsert-DVDar, der XO utmerkar seg med dobbel platina, ellers har alle utgjevingane selt minimum til gull.
Låtar du vil høyre er for eksempel Granada, Ungkar med dobbelseng, Siste dansen, Nam Nam Nam, 60-sone og mange fleire.

Vassendgutane er:

  • Sindre Aam, bass og vokal
  • Arthur Johan Bjørdal, akustisk gitar og vokal
  • Ernst Brune, trekkspill og spillopper
  • Rune Brautaset, akustisk gitar og vokal
  • Alf Rune Melby, steelgitar
  • Kim Erik Lillestøl, trommer og vokal
  • Frank Willy Utgård, elgitar og vokal