fbpx

Sunnfjord Countryrock 2015

Fredag 23. og laurdag 24. oktober vert Sunnfjord Countryrock arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde for 13. gang av Fjordane Musikkforum.

Kjøp billett til fredag

Kjøp billett til laurdag

Kjøp billett til begge dagane

Du kan og kjøpe billettar i resepsjonen på Scandic Sunnfjord Hotell.


FREDAG 23.OKTOBER:
– NiLiv
– Kruttrøyk
LAURDAG 24.OKTOBER:
– Gunslingers
– Steinar Engelbrektson
– Fri Flyt


NILIV er eit countryrock-band frå Bø¸ og Midt-Telemark. Musikken ligg i landskapet i og rundt sjangerane amerikana, countryrock og folkrock. Gruppa spelar originale låtar, og framfører tekstar på dialekt, nærare besemt Bø-dialekt, forfatta av frontfigur og vokalist Jon Solberg. Dei har sidan starten i 2003 spela over 350 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 7 album. Plata Langhelg frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa. Bandet har vore lista på P1´s spelelister heile 11 gonger. Låtar som Håkken e du, Det var den gong, Kastanjehår, Merkeband, Gruble i kor og Ikkje spør blir framleis jamnleg spela på norgeskanalen og andre riksdekkande radiostasjonar. I 2013 feira bandet sitt 10-årssjubileum, og slepte konsertplata «Ein kveld med Ni Liv». Den inneheld 17 liveversjonar av tidlegare utgjevne låtar i tillegg til live-hiten Late Jon. 15. mai i år kom Ni Liv med ein ny felebasert EP som heiter «Stram deg opp», og som inneheld 4 låtar.
Saman med Kruttrøyk spelar dei til fest i Barthold Bar fredag.
Ni Liv 2014
KRUTTRØYK med musikarar frå Førde og Sandane vert rekna som eit av Noregs beste Countryrock band. Dei har gjeve ut platene ”Farande Fant” (2009), «Kuler & Krutt» (2006), «Kruttrøyk» (2003). som alle fått heiderleg omtale i musikkpressa.
Kruttrøyk har laga videoen ”Kallen med kragen ‘en” – ein vanvitig låt tilført ein vanvitig video som har vorte mykje vist på NRK Country Jukeboks.!
Kruttrøyk gjev fortida få konsertar, og vi ser fram til Fredag 24.oktober kl. 23.45 og spelinga i Barthold Bar. Kruttrøyk anno 2015 er: Jens P Dyrdal, vokal og akustisk gitar. – Hans Robert Hyllestad, gitararar, mandolin og vokal. – Jørn Moen, trommer. – Torbjørn Gran, bass og vokal.
Kruttrøyk
GUNSLINGERS hadde på mange måtar eit lite gjennombrot på Seljord Country festival i 2008. med hiten «Seljord.» Det er moderne country som ligg som base i Gunslingers, og med norske, humoristiske tekstar har det vist seg å slå an for hovudstraumen av det norske folk. Folkeleg musikk har ofte ein tendens til å få dårlege terningkast, men takka vera teknisk dyktige musikarar har Gunslingers klart og skåra poeng også hos musikkmeldarane med terningresultat mellom 4 og 5.
Gunslingers har gjeve ut cd ane «Norwegian Honky Tonk» (2008), «Ein skål te» (2010), og «Viagra, biff og bernaisesaus» (2011). «Made In Norway». (2013.).
2012 var dei eit av hovudtrekkplastera og spelte på Hovudscenen på Nordens største Country-festival på Seljord. Gunslingers ser ut til å ha bygd seg opp til å bli eit band mellom dei solide gode norske namna som trekker fulle hus i kvar ein krok og festival dei spelar på i landet. Laurdag 24.oktober spelar dei i Sunnfjordalen i Førde. www.gunslingers.no
Gunslingers
STEINAR ENGELBREKTSON har gjeve ut 8 plater. Vore med på over 40 samleplater. Verdsrekord med 11 år samanhengande på Danseband Jukeboks med låta «På grunn av bagateller». Suksess med låta «Ikkje Gje Opp Håpet» saman med Anne Nørdsti
Steinar er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. Årets danselåt 2014 med «Heim til Nordfjord».
Bandet er: Steinar Engelbrektson (trekkspel,bass og song) – Tor Ove Sjåstad (trommer) – Olav Hammersland (gitar) og Sissel Sundby (piano, orgel og sang).
Laurdag 24.oktober spelar dei til dans i Barthold Bar for eit feststemt publikum i Førde.
steinar engelbrektson
FRI FLYT er ei gruppe tilhøyrande i Lavik i Sogn, som spelar eigenproduserte låtar i fjordacountry-stil. Bandet album-debuterte tidlegare i år med «I kulissar av natt». Med tekstar frå dagleglivet i Lavikdalen, tonesett med stemningsfulle tonar ligg alt til rette for ein fartsfylt kveld når dei entre scena i Sunnfjordsalen. Den breie instrumenteringa er kanskje blant bandet sitt store fortrinn, Trekkspelet fylle ut dei obligatoriske tonane frå gitar, bass og trommar, når attpåte steel’en kjem med vert country-lyden komplett Fri Flyt er: Malvin Rysjdal (vokal,trekkspel), Even Solheim (gitar), Roger Aamot (bass), Aleksander af Geijerstam (trommer), Wenche Liljedal (trekkspel), Dan Mikael Ripe Frøystad.(steel-gitar).
fRI FLYT 3MB

———————————————————————————
Sunnfjord Countryrock er ein av fylkets store country-festivalar, og har fått eit godt og variert program som vil samle mykje feststemt publikum 23. og 24. oktober i Førde.
-Fjordane Musikkforum-