fbpx

Sunnfjord Countryrock 2016

Fredag 28. og laurdag 29.oktober på Scandic Sunnfjord Hotel.

Billett fredag
Billett laurdag
Billett begge dagar

For beste hotellpakker med overnatting eller middag kontakt hotellet på tlf 578 340 00 resepsjonen eller send mail til sunnfjord@scandichotels.com

INFO KONSERTDAG:

Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid – unngå kø.

Arrangør Fjordane Musikkforum i samarbeid med Scandic Sunnfjord Hotel

FREDAG 28.OKTOBER:

ROTLAUS

Med debutalbumet “Bygderamp”(2016) gjekk Sunnmørsbandet rett inn på VG-Lista Topp 10! Den dyktige og muntre gjengen fekk raskt 1 million streams på Spotify, og fanskaren har auka kraftig sidan platesleppet  tidelegare i år. No er bandet ute og turnerar land og strand rundt, og framtida ser lys ut for det ferske bandet.

Debut singelen «Kvilelaus» blei slept i desember 2015 og vitne om eit samansveisa band med hardtslåande tekstar og allsong venlege refreng. Går du på ein konsert med Rotlaus kan du forvente deg både fest og moro, ein leik med folkrock og country – i spedd både fele og trekkspill. Rotlaus har på kort tid blitt som ein samansveisa familie, noko også publikum på bandet sine konsertar tydelig oppleve.

Rotlaus

Låtskrivar og frontfigur i Rotlaus, Bjørn Marius Øyehaug, er det mange som kjennar frå bandet Vassendgutane. Bjørn Marius var fast ute på turné med dei i fem år og blei den gong kjent for sitt solide trommespel, soloinnslag og koring. Desse erfaringane tok han med seg vidare då han sommaren 2015 saman med Simen Rebbestad møtte Levis André Leite, og dei saman bestemte seg for å starte Rotlaus. Seinare kom også Simen Bjørdal inn på slagverk, i tillegg til Vegard Hansen på trekkspel. Saman med Kruttrøyk spelar dei til fest i Barthold Bar fredag.

KRUTTRØYK

frå Sunnfjord regnast som eit av Norges beste country/rock-band. Bandet har sidan starten i 2000 gjeve ut 3 album og delteke på ei rekke samlealbum innan Countryrock og dans med sine låtar. På den tida der NRK Dansefot var på sitt mest populære på tv skjermen hadde Kruttrøyk fleire låtar som surra og gjekk jamt og trutt etter å blitt stemt fram av sitt trufaste publikum. Med andre ord, Kruttrøyk er eit populært band som har knyta til seg ein god fanskare gjennom lang og tru teneste på scena! Bandet har spelt på dei aller største country festivalane i landet og har vore eit heilt sjølvsagt alternativ når arrangørar har satt opp artistlistar for sine country og dansegallaer! Etter å ha bytta ut to av sine medlemmer er Kruttrøyk no tilbake til røtene med bassist Roger Pettersen på plass etter nokre års pause. Pettersen var med å starta Kruttrøyk i 2000 og ringen er nå slutta så bandet igjen kan fylle opp turnebussen, komme seg på vegen, og gje folket knallgod Countryrock!

kruttroyk

Kruttrøyk består av: Jens P. Dyrdal: Vokal og akustisk gitar / Hans- Robert Hyllestad: div. gitarar, steelgitar, mandolin, vokal / Arild Solheim: Trommer / Roger Pettersen: Bass, vokal. Vi gler oss til ein Kruttrøyk konsert i Førde, med dette dyktige mannskapet.

 

LAURDAG 29.OKTOBER:

GUNSLINGERS

hadde på mange måtar eit lite gjennombrot på Seljord Country festival i 2008. med hiten «Seljord.» Det er moderne country som ligg som base i Gunslingers, og med norske, humoristiske tekstar har det vist seg å slå an for hovudstraumen av det norske folk. Folkeleg musikk har ofte ein tendens til å få dårlege terningkast, men takka vera teknisk dyktige musikarar har Gunslingers klart og skåra poeng også hjå musikkmeldarane med terningresultat mellom 4 og 5. Gunslingers har gjeve ut cd ane «Norwegian Honky Tonk» (2008), «Ein skål te» (2010), og «Viagra, biff og bernaisesaus» (2011) og «Made In Norway» (2013.).

Bandet har mellom anna hitlåtane; «Stor Dag», «Frøken», «Seljord», «Dampen», «Sofabonde», «John Deere» og mange fleire.2015 var dei eit av hovudtrekkplastera og spelte på Hovudscenen på Nordens største Country-festival på Seljord. Gunslingers ser ut til å ha bygd seg opp til å bli eit band mellom dei solide gode norske namna som trekker fulle hus i kvar ein krok og festival dei spelar på i landet.

gunslingers
Gunslingers er: Frode Måkestad, gitar og song. – Jostein Fonnes, bass. – Frode Andreassen,trommer. – Jan Ove Johansen, gitar. – Dan Mikal Ripe Frøystad, Steel gitar.

Laurdag 29.oktober spelar dei i Sunnfjordalen under årets Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde, for eit feststemt publikum.

BYTING

har beina planta innanfor country, rock `n roll og norsk folkemusikk, er Byting et nytt og spennande band frå Bø i Midt-Telemark.Låtar om livets realiteter, selvopplevd eller gjenfortalt, på godt og vondt, står i fokus for Byting; «Høvdingen» handlar om bortgangen til en god venn, mens f. eks. «Med håndjønna på» er ein alvorlig, men dog munter låt om ein tur til by`n med begge henda lenka fast på ryggen. Begge kledd i en musikalsk drakt som har elementet frå tidlegare nemnte sjanger.

Bandet har gjeve ut platene Byting (2015) og Livets Galleri (2016). Byting har også laga musikken i serien «Norske Rednecks» på TV-kanalen MAX. For dei som måtte lure, blir betegnelsen «byting» brukt som beskrivas av ein person som til tider er ein villbasse, eller som dei seier; – Men heilt ubrukeleg e’n nå au, den bytingen.

byting
Byting er: Thomas Hellekås (vokal/akk.Gitar) – Svein Eivind Mo Haugen ( El. gitar/vokal) – Per A. Buen Garnås (Fele) – Marius Skjeldbred (Bass) – Halvor Halvorsen (Trommer/vokal).

Laurdag 29.oktober spelar Byting i Sunnfjordalen under årets Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

STEINAR ENGELBREKTSON BAND

har gjeve ut 8 plater. Vore med på over 40 samleplater. Verdsrekord med 12 år samanhengande på Danseband Jukeboks med låta «På grunn av bagateller». Suksess med låta «Ikkje Gje Opp Håpet» saman med Anne Nørdsti Steinar er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. Årets danselåt 2014 med «Heim til Nordfjord».

steinar_engelbrektson
Bandet er: Steinar Engelbrektson (trekkspel, bass og song) – Tor Ove Sjåstad (trommer) – Sissel Sundby (piano, orgel og song)-Per Olav Samuelsen( gitar) og Lars Egil Vågseter (steelgitar). Laurdag 29.oktober spelar dei til dans i Barthold Bar frå kl. 21.30 for eit feststemt publikum i Førde under Sunnfjord Countryrock

FREDAG 28.OKTOBER:

LAURDAG 29.OKTOBER: