fbpx

Sunnfjord Countryrock 26.-27.Oktober 2018

Sunnfjord Countryrock 2018


  • Dagsbillett fredag i førehandssal kr. 420.-  Restbillettar ved inngang kr. 450.-
  • Dagsbillett laurdag i førehandssal kr. 490.- Restbillettar ved inngang kr. 540.-
  • 2-dagsbillett fredag og laurdag i førehandsal kr. 790.- Restbillettar ved inngang kr. 840.-

Kjøp billettar HER!


FREDAG 26.OKTOBER:

YNGVAR FUREBOTN BAND . 

Yngvar Furebotn Band har musikarar frå fleire etablerte musikkgrupper i Sogn og Fjordane. Vokalist/gitarist og mannen bak bandnamnet, Yngvar Furebotn frå Brekke starta som soloartist, men har no fått med seg dyktige musikarar som Kjell Reigstad frå Helt Vanlige Menn på keyboads, Dan Mikal Ripe Frøystad frå Gunslingers spelar steel-gitar, Hans Robert Hyllestad frå Kruttrøyk spelar elgitar, Roger Pettersen frå HitCompany spelar bass og Arne Mo slår på trommer for å freiste ei musikalsk karriere.
Videoen «Bussfrelst» kom hausten 2017. Yngvar Furebotn skriv låtane sjølv og har spelt inn fleire av desse m.a. «Neste vår», «Romarheimsdalen» og «Underdalen».
Vi gleder oss til Yngvar Furebotn Band si speling på Larris-klubbscene under Sunnfjord Countryrock fredag 26 oktober.

Rune Sanden band. 

Rune Sanden er kjent for konsertar med smittande speleglede der publikum ofte syng med frå fyrste tone. Mange har gjentekne gonger spådd Rune Sanden sitt definitive gjennombrot i 2018.Bandet består av Rune Sanden på gitar og vokal, Jan Thomas på bass, Hans Tore Sanden på kassegitar, Magnus på trommer og Einar på Keybords.

Dei folkelege låtane framførast på Treungen dialekt med tekstar det er lett å kjenne seg igjen i.

På debutsingelen «Mykje vil ha meir» bevegar Rune Sanden seg i eit gitarbasert pop/rock/country landskap – blanda med folketonar frå ein lystig gitar. Her kjem det ekstremt mykje bra musikk med debut album i haust ! Rune Sanden og bandet er kjent for å skape god stemning overalt kvar dei spelar. Lytt sjølv, og bli over bevist!

Vi gleder oss til Rune Sanden Band si speling på Larris-klubbscene under Sunnfjord Countryrock fredag 26 oktober.

 

LAURDAG 27.OKTOBER:

Rotlaus.

Rotlaus har på kort tid vorte eit av Noregs mest omreisande og ettertrakta liveband. Dei kan vise til fleire listeplasseringar enn dei fleste og har fått tildelt ei rekke trofear for sine låtar.

I 2015 kom debut albumet “Bygderamp” som gjekk rett inn på topp 10 på VG-Lista og eit nytt omgrep var til. Seinare har bandet gjeve ut ei rekke singlar, som alle har lege inne på norske topplister. Andre albumet i rekka “På vei” som kom i januar i år har fått mykje god omtale og har lege på øverste del av VG-lista i heile vinter.

Går du på konsert med Rotlaus kan du forvente deg både fest og moro, med eit band som gjev alt på scena. Allsong er i fokus med desse gutane og dei elskar å få med publikum på hitlåtane sine som «Byjenta», «Bygderamp», «Rundt neste sving», «Ei tid», «Syng mej en song» og mange fleire.

Rotlaus tilbringar mykje tid saman, noko som syner seg på scena. Det skal vere som ein familie, seier Bjørn Marius Øyehaug, vokalist i Rotlaus.

Rotlaus er: Bjørn Marius Øyehaug (vokal/gitar), Simen M. Rebbestad (gitar/kor), Simen Bjørdal (trommer), Vegard Hansen (Trekkspel), Anders Maristuen (Bass)

Vi gleder oss til Rotlaus si speling i Sunnfjordsalen under Sunnfjord Countryrock laurdag 27.oktober. Bestill deg ei langhelg på Scandic Sunnfjord hotell, her blir det fest.

Hardhaus. 

Hardhaus er eit nystarta og hardtsatsande band frå Telemark som serverar originale låtar på dialekt. Bandet består av fem rutinerte musikarar som har lang fartstid frå andre band.

Hardhaus er Vidar Heldal (vokal), Erik Damberg (bass og vokal), Erik Norheim (gitar og vokal), Endre Christiansen (tangentar og vokal) og Jonas M. Lima (trommer og vokal).

Hardhaus presenterer folkelig musikk som bevegar seg i det musikalske landskapet mellom rock og country. Bandet har eit stort og røft lyd bilde med ektefølt røff vokal på «Drangedøling». Pressa har omtalt Hardhaus som «Telemarks nye supergruppe», og som den «Litt slemme lillebroren». Hardhaus er ekte vare!

Hardhaus sitt første album kom laurdag 26. mai, og etter dette ventar ein lengre turne.Vi gleder oss til Hardhaus si speling i Sunnfjordsalen under Sunnfjord Countryrock laurdag 27.oktober.

Steinar Engelbrektson Band.

Steinar Engelbrektson har gjeve ut 8 plater. Vore med på over 40 samleplater. Verdsrekord med 12 år samanhengande på Danseband Jukeboks med låta «På grunn av bagateller». Suksess med låta «Ikkje Gje Opp Håpet» saman med Anne Nørdsti

Steinar er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. Årets danselåt 2014 med «Heim til Nordfjord».

Bandet er: Steinar Engelbrektson (trekkspel, bass og song) – Tor Ove Sjåstad (trommer) – Sissel Sundby (piano, orgel og song) – Olav Hammersland (gitar) og Dan Mikal Ripe Frøystad (steelgitar). Laurdag 27.oktober spelar dei til dans på Larris scene for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde

– Fjordane Musikkforum-

For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail: Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf 578 340 00 resepsjonen


INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid – unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.   

Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.