fbpx

SUNNFJORD COUNTRYROCK 2019

SUNNFJORD COUNTRYROCK 2019 PÅ SCANDIC SUNNFJORDHOTEL I FØRDE

FREDAG 25.OKTOBER:

GARDSBRUK til Sunnfjord Countryrock fredag 25. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Gardsbruk er – En krysning av hav, olje og krutslam!

Bandet Gardsbruk ligg i landskapet mellom country og rock. Dei skriv sine eigne låtar og formidlar desse med innleving gjennom Knut Pedersen si kraftfulle røyst og fengande gitarbasert festmusikk. Karane er flinke til å skapa feststemning og tek deg med inn i livet til strilane i kvardag og fest.

Plata «Møtting» vart slept mot slutten av 2016 og konsertane i 2017 var prega av denne plata. Favorittar på̊ Spotify har vore «Bygdabrygjing», «Snutebil med tipp» og «Syden», låtar som har vore strøyma flittig av festhungrige nordmenn.

No er nye låtar på̊ plass og innspeling av eit nytt album er i gong. Årets konsertar vil både ha kjende låtar frå den gamle plata og potensielt nye favorittar frå albumet som kjem på seinsommaren 2019. Nye låtar kjem på̊ Spotify etter kvart som dei er ferdig produserte, men kan allereie no høyrast på̊ konsertane våre. Musikken spenner frå̊ country til meir eller mindre rein rock. Her lukter det altså̊ både hest, sveitte og kruttrøyk på̊ ein gong! Gjer deg klar til ein heidundrande fest!

Bandet består av.  Knut Joachim Pedersen (vokal, gitar), Kåre Glesnes (gitarar, mandolin, lap-steel, banjo), Tor-Erik Rong (gitar), Jørn Austbø (bass), Morten Bergstrøm (trommer) Kjetil Lynglund (munnspel, tangentar). 

Vi gleder oss til Gardsbruk si speling på Larris klubbscene under Sunnfjord Countryrock fredag 25 oktober.


Spelloppmaker til Sunnfjord Countryrock fredag 26. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. 

Ut frå djupet av Finnskogen trer bandet Spelloppmaker ut, med Solørdialekten som sitt kjenneteikn. Spelloppmaker er eit countryrock -band, som i 2019 verkeleg tek steget opp blant de store gutane og stålset seg på eit år med mengde av konsertar og utgjevingar.

Spelloppmaker har sitt opphav i frå Solør i Hedmark, som igjen er kjent for sin entusiasme over heimebrent og bygdeslabberas. Solør blir kalla «Norges svar på Tennessee», noko som gjere at du veit at det blir bygdefest og godstemning når Spelloppmaker innteke scena. Gjengen har ein musikalsk kvalitet og instrumentalistar som er sjeldan vare å sjå i Norge.

At Spelloppmaker frir til eit stort publikum er det liten tvil om. Gutane har på sin korte levetid fått bikka 70,000 månadlege lyttarar og nærmare 6 millionar avspelingar på Spotify. Med listeplasseringar hos NRK P1, samt mengder av lokalradioar i heile landet har Spelloppmaker gjort seg godt merka i dei fleste norske krikar og krokar.

Bandet starta sommaren med utgjeving av låta «Gjemsel med Kula» og held fram med konserter rundt i heile Noreg for å spreie glede og rabalder hjå det norske bygdefolket.

Spelloppmaker er:

Henrik Berg Enger – Vokal, gitar

Vidar Karlsen Kolbu – Trommer, kor

Sindre Kløften – Tangenter, kor

Oliver Bråten – Bass, kor

Mats Raknerud – Gitar, kor

Krister Skadsdammen – Pedal steel

Vi gleder oss til Spelloppmaker si speling på Larris klubbscene under Sunnfjord Countryrock fredag 25 oktober.


Fri Flyt til Sunnfjord Countryrock fredag 25. oktober

cof

Fri Flyt er eit countryband frå Lavikdal som vart starta opp i mai 2013 og kom med  albumet «I Kulissar Av Natt» i mars 2015. Ei blanding sjølvskrivne låtar med humoristiske tekstar, fart og rytme i melodiane, til dei meir rolige, harmoniske. I oktober same året ga vi ut singelen «Heim Frå Breim», som gjev eit bilde på muntre festivalsommrar.

Albumet nummer to «Neste Post» vart utgjeve i oktober 2016, med 13 låtar som også er eigenproduserte. Ut frå ein av låtane på albumet vart det spelt inn musikkvideoen «Lausdrift». Videoen fekk stor merksemd både på Facebook, Youtube og Spotify og nærmar seg 500.000 avspelingar på ulike mediar. Før jul 2016 gav Fri Flyt ut singelen « Eit Snøfall». I 2018 gav dei ut Ep`n «Svunnen tid».

FriFlyt er: Malvin Rysjdal (vokal, trekkspel), Even Solheim (gitar), Wenche Liljedal (trekkspel), Dan Mikael Ripe Frøystad.(steel-gitar).

Fri Flyt har til spelinga på Larris-klubbscene under Sunnfjord Countryrock fredag 25 oktober med fleire gjestemusikarar.  


LAURDAG 26.OKTOBER:

Vassendgutane klar for Sunnfjord Countryrock laurdag 26 oktober på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

VASSENDGUTANE vart i 2018 tildelt sitt 19 trofé med tildelinga av Gullplate for «Du & Ej & Meeto» Det at ein Norsk artist er blitt tildelt så mange trofé for sine album, talar sit klare språk om bandet sin eventyrlege suksess gjennom 23 år.

”Tidsreise” er årets turnenamn. Ny sett liste er ferdig, og som turnenamnet hevdar, vil publikum i år bli tatt med på ei tidsreise i den enorme katalogen av låtar som bandet disponerer. Vi vil få oppleve nokre av dei tidlege låtane som sette Vassendgutane på det Norske artistkartet. Desse blir pakka inn i ei produksjonsdrakt som samsvarar med notida. Nyare musikk og dei store hits som har toppa listene vil sjølvsagt også bli å høyre.

Bandet kom med 2 nye låtar no før den store sommarturneen startar juni. Både Sindre og Arthur har skreve nye songar. På siste album debuterte også Rune som låtskrivar, og rykta vil ha det til at han også er i gang med ny låt.

Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategori kan vise til. Allsongen ”rungar” i store haller og på dei største festivalane når bandet spelar. Vassendgutane har heile tida lagt vekt på kvalitet og det visuelle, dette satsar dei på å forsterke ytterlegare på ”Tidsreise”.

Vassendgutane 2019 ”Tidsreise” er:

Sindre Aam- Vokal, Bass.

Arthur Johan Bjørdal- Vokal, akk gitar

Ernst Olav Brune-Trekkspel.

Rune Ståle Brautaset- Vokal, akk gitar

Frank Willy Utgård- Elgitar, vokal

Lars Egil Vågseter – Steel gitar

Kim Erik Lillestøl- Trommer, vokal

Laurdag 26.oktober spelar Vassendgutane i Sunnfjordalen under årets Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde, for eit feststemt publikum.


Steinar Engelbrektson Band til Sunnfjord Countryrock laurdag 26 oktober.

Steinar Engelbrektson har gjeve ut 8 plater. Vore med på over 40 samleplater. Verdsrekord med 12 år samanhengande på Danseband Jukeboks med låta «På grunn av bagateller». Suksess med låta «Ikkje Gje Opp Håpet» saman med Anne Nørdsti

Steinar er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. Årets danselåt 2014 med «Heim til Nordfjord».

Bandet er: Steinar Engelbrektson (trekkspel, bass og song) – Tor Ove Sjåstad (trommer) – Sissel Sundby (piano, orgel og song) – Solheim (gitar) og Dan Mikal Ripe Frøystad (steelgitar). Laurdag 26.oktober spelar dei til dans på Larris scene for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde


Steel & Tele  til Sunnfjord Countryrock laurdag  26. oktober i Førde. 

Steel & Tele består av Dan Mikal Ripe Frøystad (Vokal og Steelgitar) og Even Nyland Solheim (Vokal og Elgitar). Even er til vanleg maskinentrepenør og vokalist i country bandet Fri Flyt frå Lavik. Dan er musikar på heiltid, og i tillegg til å drive lydstudio, spelar han steelgitar i Gunslingers. Gruppa speler lyttevenleg og dansebar countrymusikk beståande av ny og gamal amerikansk country, norsk og et par innslag av irsk og rock. Et par poplåtar og svisker finnas også på repertoaret. Dei har enda til gode å halde ein konsert der dei ikkje får skryt for lyd og musikk. Dei slapp ein singel i Juli.2016 og seinare albumet “Even Tougher Than The Rest” i Desember 2016. I tillegg til å ha spelt på fleire bygdefester, kan dei også skilte med å ha spelt både på Nøstet boden og Jack’s Country Saloon på Zachariasbryggen i Bergen. Det anbefalast å ta ein kikk på facebooksida til Steel & Tele http://fb.com/SteelTele . Der ligg ein del smakebitar og opptak frå forskjellige konsertar. Både singelen og albumet dei gav ut er å finne på Spotify og andre musikktjenester.


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf 578 340 00 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid – unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.   

Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt. 

Dagsbillett fredag i førehandssal kr. 430.- Restbilletter ved inngang kr. 470.- 

Dagsbillett laurdag i førehandssal kr. 490.- fram til 31.juli 2019  Frå 1. august kr. 520.-  Eventuelle restbilletter ved inngang kr. 550.-

2-dagsbillett fredag og laurdag i førehandsal kr.820.- Restbilletter ved inngang kr. 850.- 

– Fjordane Musikkforum-