konsert og fest til alle

Sunnfjord Countryrock 2020 fredag 30. og laurdag 31.oktober er AVLYST

Saman med deg hadde vi gleda oss veldig til den årlege «Sunnfjord Countryrock» på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde, som vi har planlagt eit års tid, men slik vert det dessverre ikkje.Regjeringa har lagt ned eit forbod mot større kulturarrangement over 200 personar, inntil vidare pga. Korona-pandemien. Smittevernkrava med 1 meters avstand og reglar rundt servering gjer det utfordrande å arrangere den årlege Sunnfjord Countryrock med dans og sosialsamling av folk. Arrangementet er såleis AVLYST i år. Banda som skulle spele var m.a. Gunslingers og Kruttrøyk, saman med to andre band Arbeidet med neste års Sunnfjord Countryrock fredag 29 og laurdag 30. oktober 2021 er i gang. Fyrste bandet vi har booka er Kruttrøyk. Fleire artistar følgjer.Vi vil takke deg for tolmod og forståing for denne situasjonen. Ta som alltid vare på kvarandre, og følg råd og tiltak ifrå helsemyndigheitene. Styret i Fjordane Musikkforum.

Warning: Undefined array key "popup_cookie_estzm" in /customers/8/f/f/fjordanemusikkforum.no/httpd.www/wp-content/plugins/cardoza-facebook-like-box/cardoza_facebook_like_box.php on line 924