konsert og fest til alle

Sunnfjord Countryrock 2021

FREDAG 29.OKTOBER, LARRIS SCENE:

Crashville

Det heile starta på ein fest på ein varm sommardag i 2007, med gitarspel og allsong.
Det gjekk ikkje lange stunda før bandet hadde fått namnet Crashville, og første spelejobben var eit faktum. Bandet blei fort ein suksess med fulle turnèlister og høg allsongfaktor på konsertane.
Musikken er fengande bygdefestlåtar om livet på bygda, og verkar å treffe både unge og godt vaksne i bygd og by.
I sommar ga bandet ut låta PØBEL, der det også blei spelt inn musikkvideo på det legendariske «Essotaket» i Ørsta, rånarane sin andre heim. Låta og musikkvideoen har gått som ein farsott sidan, og bandet fekk enorm respons og merksemd.
No er Crashville klare til å reise rundt om i Norge å halde konsertar igjen.
Bandet består av: Emil Skaare Sætre (Vokal/Gitar), Øystein Nybø (Trommer/Låtskriver), Magne Saure (Trekkspel/Piano/Kor), Sigurd Kårstad Fylling (El-Gitar), Glenn Charles Huldal (Bass/Kor).
Fredag 29.oktober spelar dei på Larris scene.

Stine Nilsen & Livin West

Eit knippe gode musikarar med lang erfaring frå ulike countryband kom saman for å reindyrke kjærleiken til countrymusikken i 2018. Stine Nilsen & Livin West er eit ambisiøst band med stor speleglede. Dei skrive, produserer og spelar inn låtane sine sjølv, og har fleire nasjonale og internasjonale samarbeid med andre artistar og låtskrivarar. Bandet har allereie rekt å gje ut 6 singlar som suser og går på ulike radiokanalar i både inn- og utland, og dei kan skilte med at dei er A-lista på Norsk Country Radio.

Stine Nilsen har lang fartstid som musikar, og starta sin karriere allereie som 17-åring. Songaren har fronta Cozy og Stine Nilsen Band. Dei siste åra har ho vore å sjå på TV som deltakar både i Lyden av Lørdag og Det Store Korslaget. Stine reknast som ein av Norges fremste vokalistar og artistar innan country sjangeren.

Livin West er: Lars Egil Vågseter (Steelgitar), Jan Karsten Einang (piano/orgel), Erik Torset (gitar), Mads Ola Lillestøl (trommer), Lars Reidar Lillestøl (bassist), Maron Sandvik (akustisk gitar/vokal) og Stine Nilsen (vokalist).

Fredag 29.oktober spelar dei på Larris scene.

LAURDAG 30.OKTOBER, LARRIS SCENE OG SUNNFJORSALEN

GUNSLINGERS

Gunslingers kom i 2020 ut med sitt sjuande studio album «Bukkejakt», dei har snart besøkt kvar ein idrettshall og konsertlokale som er å oppdriva i landet og har dei først vore innom dørene so kjem dei alltid tilbake. Sommaren er bandet å finna som headliner på svært mange av dei store festivalane i Norge.

Gunslingers har på desse åra danna eit veldig godt samspel mellom musikarane og med sitt høge energinivå på konsertane skapar bandet ein uforklarleg kjemi og stemning mellom publikum og band. Musikken fungerer for alle aldrar og i alle kretsar med hitlåtane, «Hardanger» , «32-18», «Lommelykt», «Viagra, biff og bernaisesaus», «Seljord», «Frøken» og mange fleire

Bandet er: Nikolai Storevik (fele), Dag Wolf (Steel guitar), Tore Mæhle (bass), Jan Ove Johansen (gitar), Frode Måkestad (vokal og låtskrivar), Frode Andreassen (trommer)

Laurdag 30.oktober spelar dei i Sunnfjordsalen for eit feststemt publikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.

Get Rhythm

Get Rhythm frå Gausdal dundra inn på festivalscenene, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, Country, blues, og rock’n roll kjenneteiknar gutta – og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash.

Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Repertoaret består foreløpig av coverlåtar. Bandet har ein stor forkjærleik for Johnny Cash, og har teke bandnamnet frå ein Cash-låt.

Laurdag 30.oktober spelar dei på Larris scene..

OLIVIA MCPEEK & THE GOOD OLD TIMERS

Dei spelar moderne og gamal country med coverlåtar av Kris Kristoffersen, Brad Paisley m.fl.

Bandet er godt erfarne musikarar.

Olivia Mcpeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.

Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to. Vinner stadig musikalske quiz når gjengen er på tur. Skrur etter beste evne også lyden.

Einar Jakobsen synger også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar. Sper på med ei og anna god historie og utallige vitsar.

Bassist og vokalist er Torgrim Rødvik , kjent frå Honndalen Soul og Funkarlag, og mange år med i dansebandet Gilbeys. Kjent for alltid ha bollar i handlekorga når han handlar inn til tur…

Steinar Vie spelar rytmegitar, munnspel og syng.

Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er trommeslagar. Ole M har utdanning og er ein erfaren trommis.

Laurdag 30. oktober spelar dei på Larris scene for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf 578 340 45 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid – unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.   

Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt. 

Dagsbillett fredag i førehandssal kr. 395.- Eventuelle restbilletter ved inngang kr. 450.- 

Dagsbillett laurdag i førehandssal kr. 550.-  Eventuelle restbilletter ved inngang kr. 590.-

2-dagsbillett fredag og laurdag i førehandsal EARLY BIRD KR.790.- AVGRENSA TAL BILLETTAR

Arrangør Fjordane Musikkforum