fbpx

Sunnfjord Countryrock 2023



GET RHYTHM

Get Rhythm frå Gausdal dundra inn på festivalscenene, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, Country, blues, og rock’n roll kjenneteiknar gutta – og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash.

Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Repertoaret består foreløpig av coverlåtar. Bandet har ein stor forkjærleik for Johnny Cash, og har teke bandnamnet frå ein Cash-låt.

Fredag 27.oktober kl. 21.00 spelar Get Rhythm dei på Larris scene.

STEINAR ENGELBREKTSON BAND 

Steinar Engelbrektson har gjeve ut 12 plater. Vore med på over 40 samleplater. Verdsrekord med 12 år samanhengande på Danseband Jukeboks med låta «På grunn av bagateller». Suksess med låta «Ikkje Gje Opp Håpet» saman med Anne Nørdsti

Steinar er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. Årets danselåt 2014 med «Heim til Nordfjord».

Bandet er: Steinar Engelbrektson (trekkspel, bass og song) – Tor Ove Sjåstad (trommer) – Sissel Sundby (tangentar, song) – Even Solheim (gitar) og Oddmar Varpe lyd design.

Fredag 27.oktober spelar dei til dans på for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.

GUNSLINGERS:

Gunslingers har i 15 år levert norsk countrymusikk av ypparste kvalitet. Dei har oppnådd ein rekke utmerkingar, fått tildelt gull- og platina trofé og fått æra av å stille til fleire hundrevis av utselde arrangement. Bak vokalist og låtskrivar Frode Måkestad står ei rekke med anerkjente norske musikarar – ingen ringare enn: Tore Mæhle (Bass), Frode Andreassen (Trommeslagar), Dag Wolf (Steel gitar), Jan Ove Johansen (Gitar) og Nikolai Storevik (Fele).

På konsertane med Gunslingers vil publikum få servert eit fullspekka show. Kjemien mellom scena og publikum er unik og det er ingen tvil om at desse karane var laga for å opptre på scena. Det å være på konsert med Gunslingers kan opplevast som eit ordentleg serotonin tilskot og ikkje minst – det gjev deg eit minne du seint (eller aldri) vil gløyme.

Laurdag 28.oktober spelar dei i Sunnfjordsalen for eit feststemt publikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.

Kruttrøyk – ut på tur igjen!

Kruttrøyk spelte på den første Sunnfjord Countryrock i 2003. Vi er svært glade for å kunne presentere Kruttrøyk til vårt 20 års jubileum laurdag 28.oktober på Larris scene.

Bandet har levert norsk countryrock på dialekt sidan starten av 2000-tallet! Etter at dei i årevis hadde besøkt landet sine store countryfestivalar og konsertscene, tok bandet nokre års pause, men salar no opp for nye sirkusrunde. Etter tre album utgjevingar og 15 millionar streams på digitale plattformer, er bandet klare for å turnere i Norge igjen! Hausten 2023 gjev bandet ut to nye låtar, og i 2024 skal Kruttrøyk turnere vårt langstrakte land med sin festglade countrymusikk.

Kruttrøyk er:

Jens P. Dyrdal: Vokal og gitar

Kim Arin Schei: Gitar

Åge Nygård: Trommer

Torbjørn Gran: Bass

OLIVIA MCPEEK & THE GOOD OLDTIMERS 

Dei spelar moderne og gamal country med coverlåtar av Kris Kristoffersen, Brad Paisley m.fl.  Bandet er godt erfarne musikarar.

Olivia Mcpeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.

Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to. Vinner stadig musikalske quiz når gjengen er på tur. Skrur etter beste evne også lyden.

Einar Jakobsen synger også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar. Sper på med ei og anna god historie og utallige vitsar.

Bassist og vokalist er Torgrim Rødvik, kjent frå Honndalen Soul og Funkarlag og mange år med i dansebandet Gilbeys. Kjent for alltid ha bollar i handlekorga når han handlar inn til tur…

Steinar Vie frå Førde spelar rytmegitar, munnspel og syng. 

Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er trommeslagar. Ole M har utdanning og er ein erfaren trommis.

Laurdag 29. oktober spelar dei på Larris scene for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf. 57 83 40 45 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid – unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.