fbpx

Sunnfjord Countryrock 2024 – 25. og 26. oktober.

I tradisjonen tru vert det arrangert Sunnfjord Countryrock i Førde siste helga i oktober.

Fengande bygdefestlåtar, tradisjonelle country-hits, kjærleik, coverlåtar frå blant anna Johnny Cash, høgt energinivå, blues, rockabilly og eit dansande publikum står på agendaen den 25. – 26.-oktober på Larris Scene og Sunnfjordsalen! 

To dagar med god stemning, fest og danseglede 
Det er berre å børste støv av cowboyhatten og bootsa, og gjere dei svinge- og danseklare til ein av fylkets største countryrock-festivalar!

Desse banda er klar for å skape liv og røre desse dagane! 

  • Fredag: Get Rhythm og Kruttrøyk.
  • Laurdag: Vassendgutane, Olivia McPeek & The Good Oldtimers og Norwegian Eagles. 

Vi alle kjenner at det klør i danse- og syngemusklane, og vi lovar god stemning med denne line up-en her! Bli med på Sunnfjord Countryrock fredag 25. og laurdag 26. oktober!