I tradisjonen tru vert det arrangert Sunnfjord Countryrock i Førde i oktober. Fengande bygdefestlåtar, tradisjonelle country-hits, kjærleik, coverlåtar frå blant anna Johnny Cash, høgt energinivå, blues, rockabilly og eit dansande publikum står på agendaen den 23.-24.-oktober i Sunnfjordsalen og Larris Scene!
To dagar med god stemning, fest og danseglede.
Det er berre å børste støv av cowboyhatten og bootsa, og gjere dei svinge- og danseklare til ein av fylkets største countryrock-festivalar! Get Rhythm, Folk Flest, Gunslingers, In every way EAGLES, Kruttrøyk og Olivia McPeek & The Good Oldtimers er klar for å skape liv og røre desse dagane!
Vi alle kjenner at det klør i danse- og syngemusklane, og vi lovar god stemning med denne line up-en her! Bli med på Sunnfjord Countryrock fredag 23 og laurdag 24. oktober i Førde!
