fbpx

Sunnfjord Countryrock, fredag 25.oktober

RUNE RUDBERG BAND

rune rudberg

Dei fleste kjenner Rune Rudberg frå den kulørte pressa, men gløyme kva musikalsk karriere han eigentleg har. Etter det store gjennombrotet med «Ut mot havet» og nærmare 200000 selde plate, var Rune det store popidolet i Norge. Og med oppfølgingsalbumet ”Vinger over Europa” fortsette suksessen

Rune skifta gir fullstendig og blei fulltidsmedlem i dansebandet Scandinavia. I denne omgang kom det to album – som begge hadde ei mengde hitlåtar – og Rune var igjen på topp – men denne gangen i ein annan sjanger.

Men Rune var ikkje fornøyd med bare å spele i danseband. Han har alltid vore ein stor fan av countrymusikk, og då Scandinavia ville halde på med sitt, slutta Rune for å lage ei country plate på norsk. Det blei plata ”Tidevannsbølger”.
.
Ny soloplate fylgde så: Mot nye eventyr” og Rune fikk ein hit igjen. Denne gangen hette den ”1001,1002,1003”.

I den seinare tid har Rune verkeleg gitt seg country en i vold. Med platene ”Gone Country” og ”Runaway” har han opplevd å få god kritikk (!) og ei mengde godord. Rune gav ut samleplata «Rett frå sofaen». med det beste frå dei 3 føregåande, samt nokre nye songar.

I 2013 kom CD’en ”Tro” ut, og det var den første med norske tekster på fleire år. Resultatet var 1. plass på VG lista, gode kritikkar og meldingar frå fansen om at dette var den beste cd’en til Rune nokon sinne. Fredag 25. oktober spelar Rune Rudberg og bandet til fest og dans i Sunnfjordsalen.

KRUTTRØYK

Kruttrøyk

KRUTTRØYK med musikarar frå Førde og Sandane vert rekna som eit av Noregs beste Countryrock band. Dei har gjeve ut platene ”Farande Fant” (2009), , «Kuler & Krutt» (2006), «Kruttrøyk» (2003). som alle fått heiderleg omtale i musikkpressa.
Kruttrøyk har gjeve ut videoen ”Kallen med kragen ‘en” – ein vanvitig låt tilført ein vanvitig video som har vorte mykje vist på NRK Country Jukeboks.! Fredag 25.oktober spelar dei i Barthold Bar.
Kruttrøyk anno 2013 er:
Jens P Dyrdal, vokal og akustisk gitar. – Hans Robert Hyllestad, div. gitarar, Steel gitar, mandolin og vokal. – Jørn Moen, trommer. – Torbjørn Gran, bass og vokal. Info.:www.kruttroyk.no

BYGDABRÅK

bygdabråk

Bøgdabråk er eit hardtarbeidande countryrock band, frå Roan Kommune i Sør-Trøndelag, som er på fullfart fram innan country verda. Bandet blei starta i 2001 og har vore på vegen med spelingar rundt omkring i heile landet.

Bøgdabråk har gjeve ut i alt 2 album: “Livet som ung” i 2008 og “Sladder” i 2010. Alle låtane er på dialekt, og er skreve og produsert av Leif Inge Hopstad. Bandet har også spelt inn to musikkvideoar: “I USA” 2010, og “Dæ æ håpe på” 2010, som har blitt spilt en god del gonger på NRK1 (Dansefot Jukebox). Fredag vil dette dyktige 5 manns bandet spele i Barthold Bar.