fbpx

Sunnfjord Countryrock, laurdag 26.oktober

GUNSLINGERS

Gunslingers

GUNSLINGERS hadde på mange måtar eit lite gjennombrot på Seljord Country festival i 2008. med hiten “Seljord.” Det er moderne country som ligg som base i Gunslingers, og med norske, humoristiske tekstar har det vist seg å slå an for hovudstraumen av det norske folk. Folkeleg musikk har ofte ein tendens til å få dårlege terningkast, men takka vera teknisk dyktige musikarar har Gunslingers klart og skåra poeng også hos musikkmeldarane med terningresultat mellom 4 og 5.

Gunslingers har gjeve ut cd ane «Norwegian Honky Tonk» (2008), “Ein skål te” (2010), og “Viagra, biff og bernaisesaus” (2011). Ny cd “Made In Norway”. kjem 28 september 2013.

2012 var dei eit av hovudtrekkplastera og spelte på Hovudscenen på Nordens største Country-festival på Seljord. Gunslingers ser ut til å ha bygd seg opp til å bli eit band mellom dei solide gode norske namna som trekker fulle hus i kvar ein krok og festival dei spelar på i landet. Laurdag 26.oktober spelar dei i Sunnfjordalen i Førde. www.gunslingers.no

STEINAR ENGELBREKTSON BAND

steinar engelbrektson

Steinar Engelbrektson Band har spelt i 17 år har til no gitt ut 7 plater. Steinar Engelbrektson Band er svært produktive og kom i juni-2011 ut med si 7. plate med tittelen “Terningen er Kasta”, som har fått svært positiv mottaking. Ny plate er venta i haust.
Steinar Engelbrektson Band er eit crossover-band mellom country og danseband, alt framført på klingande nordfjord-dialekt. Fantastiske tilbakemeldingar frå publikum og arrangørar over det ganske land har gjort til at Steinar Engelbrektson band er blitt eit ettertrakta orkester både på country- og dansescener og festivalar.
Steinar Engelbrektson Band er stolte av og vere innehavar av verdsrekorden på Dansefot Jukeboks der låten “På grunn av bagateller” har vore inne på lista sidan februar 2004. Laurdag 26.oktober spelar dei til dans i Barthold Bar for eit feststemt publikum i Førde.

HEGE ØVERSVEEN BAND

hege

HEGE ØVERSVEEN BAND