SUNNFJORD VINTERFEST 2017

Sunnfjord Vinterfest på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde laurdag 18.februar 2017. Sunnfjordsalen spelar Plumbo og Kokken Tor.
I Barthold Bar Standup show og dans med VIMENN

 

PLUMBO TIL FØRDE LAURDAG 18.FEBRUAR

Plumbo er tilbake med nytt album, «Haraball».

I mai 2016 kom det nye albumet «Haraball», 10 ny skrivne låtar i god Plumbo tradisjon. Plumbo er kjent for slagarar som «Møkkamann», «Ola Nordmann», «Rådebank», og «Gi meg en Bayer».
To smakebitar er allereie vore ute på digitalmarknaden, «Tennplugg» og «La bjella slå».
Begge låtane har slått godt ann hos fansen, og er mellom bandet sin mest strema låtar for tida.

Bandet si Facebookside har nærmare 40.000 følgjarar, og fansen har kommunisert enorm begeistring og forventning til nytt album.

Haraball er stappfull av fengande låtar, skreddarsydd for formålet; å skape god stemning, enten du sete i bilen, er på fest, eller på jobb. Eit par følsame balladar har også fått plass på albumet, i tillegg til eit par country låtar. Plumbo blandar sjangrane som folk, boogie, pop, og rock, og musikken beskrivast ofte som festrock.
Plumbo er eit rutinert liveband, med bredde, variasjon og ikkje minst godt «trøkk».
Pur spilleglede, scene entusiasme og allsong, hører med på konsertane.

Bandet vant Spelemanns prisen for «Årets hit» i 2012, og sidan har musikken blitt allemannseie, med appell til opp til tre generasjoner.

Bandet har mottatt ei rekke platina og gull trofé`, og har til saman lege 60 veker på VG lista. Plumbo gjer også innimellom barnekonserter, og veldige formål. Plumbo, er frå Sande i Vestfold, har gjeve ut følgjande album: Full opning (2002), På vei til Harryland (2007), Råkk’n Råll Harry (2010), Møkkamenn Live (2011), Rådebank (2012), Kom som dæ sjæl (2014), Haraball (2016)

PLUMBO er frå venstre Tommy Løken Elstad, bass – Lars-Erik Bokkus,vokal og gitar.- Henning Holen Eriksen, keyboards – Tor Erik “Elg” Knudsen, trommer – Glenn Hauger, fløyte og torader. I tillegg spelar Olivia McPeek fele . (kkje med på bilde)

KOKKEN TOR

Kokken Tor er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget m. fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen! Kokken Tor er: Vokal/gitar: Torbjørn Gran, Gitar: Kim Arin Schei, Bass: Thomas Lillerovde, Trommer: Jan Otto Hovden. Kokken Tor spelar etter Plumbo i Sunnfjordsalen.

KOKKEN TOR er Thomas Lillerovde, bass – Kim Arin Schei, gitar – Torbjørn Gran, vokal og gitar. – Jan Otto Hovden trommer.

VIMENN

Laurdag 18. februar spelar show og partybandet «ViMenn» opp til dans i Barthold Bar på Sunnfjord Vinterfest.

Når Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen, som utgjer duoen Vi2 har behov for å rocke litt med ordentleg trommeslagar og bassist, og det får dei sjansen til det i dette prosjektet. Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er fast trommis og har vore med frå starten. Frå Hornindal/Førde har dei henta inn Torgrim Rødvik til å spele bass, han har tidlegare spelt i bl.a. Honndalen Soul & Funkarlag og Gilbeys..

Felles for låtane deira er at dei er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede. At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Laurdag 18.februar kl. 22.00 spelar ViMenn opp til dans med party-musikk i Barthold Bar.

ViMenn
VIMENN er Torgrim Rødvik, bass – Ole Martin Frimanslund, trommer – Einar Jakobsen, Keyboards-Agnar Gjelsvik, vokal og gitar.

Aldergrense 20 år.
Billett i førehandsal kr.450.- + gebyr kr. 30.- = kr. 480.-
Kjøp HER!
Ved inngang frå kl. 20.00 kr. 520.-.

Beste tilbod på hotellpakker epost til : Sunnfjord@scandichotels..com

Arrangør: Fjordane Musikkforum i samarbeid med Scandic Sunnfjord Hotel   www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum