fbpx

Sunnfjord Vinterfest 17.Februar 2018

Sunnfjord Vinterfest i Førde er klare med banda Too Far Gone, ViMenn med Olivia McPeek Dvergsdal og Kokken Tor spelar opp til fest og moro på Scandic Sunnfjord hotel.
Billettar finn du HER!

TOO FAR GONE

TOO FAR GONE har sendt 6 av 8 album rett inn på VG-lista, og ein Zetor rett inn i norsk kulturarv. Too Far Gone har ikkje besøkt Førde sidan 2009, så det er absolutt på tide å få gutta igjen på scena.

Too Far Gone har sitt utgangspunkt i Flå i Sør-Trøndelag, der det musikalske eventyret starta tilbake i 1993. I starten song dei på engelsk, men etter at Torstein Flakne og Terje Storli (begge fra Stage Dolls) sa «Syng på norsk», så var det gjort. I 1998 kom Zetor’n, og derifrå var det gjort. Too Far Gone har gitt ut 8 album totalt, der 7 av dei er på klingande dialekt – og eitt på engelsk.

Too Far Gone består i dag av Børge Rømma på vokal og akustisk gitar, Ole Buan Øien på elgitar og mandolin, Kåre Andreas Lund på bass, Anders Stensås på trommer og Arild Følstad på tangentar.

KOKKEN TOR

KOKKEN TOR er eit norskrock coverband frå Sandane/Florø. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert. Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det «galnaste» og «råaste» norskrock partybandet som rullar langs norske vegar. Kokken Tor spelar etter Too Far Gone i Sunnfjordsalen kl. 00.30

VIMENN frå Førde spelar party- og rockelåtar som er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede. At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Bandet spelar på Larris scene kl.21.30.

Har du ikkje vore på ein Too Far Gone konsert, så ta turen på «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 17.februar i Sunnfjordsalen, du vil ikkje angre. Her blir det FEST !!!
Billettsal på www.ticketco.no

-Fjordane Musikkforum –