fbpx

Sunnfjord Vinterfest 2019

Sunnfjord Vinterfest på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde laurdag 16.februar 2019.   I Sunnfjordsalen spelar Staysman&Lazz og ViMenn. 

På Larris scene festkonseptet LANDSKAMP med Kokken Tor og Jævlar på Kjærlek  

Dørene opnar kl. 21.00 til Larris scene 

STAYSMAN&LAZZ TIL FØRDE LAURDAG 16.FEBRUAR

Staysman & Lazz spelar på Sunnfjord Vinterfest 2019.

Laurdag 16. februar spelar partybandet Staysman & Lazz opp til konsert, fest og dans på Sunnfjord Vinterfest på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. 

Staysman & Lazz var i 2015 ein av dei aller mest streama artistane – saman med store namn som DJ Broiler, Nico & Vinz og Adelén. Singlene «Kaptein Morgan», «Frk Moet», «Brun og Blid» og «Se så Glad Nissen er», har alle fleire millionar streams. Sistnemde blei streama over 3 millionar gangar berre i Desember, og var helt oppe på 6. plass på VG-lista.

Duoen frå Fredrikstad slapp slitt fyrste album våren 2014, «Helt sykt store hits». Staysman og Lazz, med Stian Thorbjørnsen i spissen, spelar for utselde konserter i alle krikar og krokar av landet. Seinast hausten 2015 fylte dei Rockefeller saman med Katastrofe, og publikum blir servert eit sceneshow utan samanlikning når denne gjengen inviterer til fest. Våren 2015 deltok duoen i MGP med sangen «En godt stekt pizza».

Torbjørn «Staysman» Thorbjørnsen har i haust vore programleiar på NRK1 TV sitt musikkquiz-programmet «10 på topp».

Staysman & Lazz. Norges største rølpeband. Med 150 millionar streams, over 1000 konsertar, og mange realityshow på samvittigheita, er det liten tvil om kva som venter når desse styggsexy mannfolka frå Fredrikstad kjem på besøk. 

Vi snakkar beinhardt party uansett om konserten er på bygda eller i byen. Staysman & Lazz har vore på vegen i over 10 år, og det er ingen som sitter på tilsvarande kompetanse når det kjem til å lage feststemning. 

Her blir det allsong, konfetti, og øldrikking.

Vi tenker KJØRR! 

Laurdag 16.februar 2019 kl.23.00 spelar Staysman & Lazz opp til fest og show i Sunnfjordsalen. MØT OPP TIDLEG, UNNGÅ KØ I INNSKJEKK.

LANDSKAMP – Kokken Tor & Jävlar på Kärlek! til Sunnfjord Vinterfest

cof

Norske rockeslagar møter svenske megahits! 

I ein gigasmell av verdas kulaste låtar, over ausande energi og aggressive gitarriff møtas coverbanda Kokken Tor og Jävlar på Kärlek til Landskamp! Her er målet å være tøffast, råast og ha dei aller kulaste låtane for å få publikum på si side! Det handlar om å spele høgare og hardare, være tøffare og knuse fleire gitarar enn det andre bandet. Bortsett frå alt som handlar om rivalisering mellom banda stemmer dette.

Ja visst handla det om å vinne Landskampen, men den skal vinnes saman! Kokken Tor og Jävlar på Kjärlek er dei to fremste banda i Norge til å presentere coverlåtane i sin sjanger! Der Kokken Tor spelar hardtslåande norske rockelåtar frå mellom andre DumDum Boys, CC Cowboys, Oslo Ess, deLillos og Jokke, gjer Jävlar på Kärlek det same med svenske megahits! Her blir det på løpande band smelt i veg hitlåtar frå mellom andre Roxette, Gyllene Tider, ABBA, Kent og Håkan Hellström.

Korleis vinner vi denne Landskampen, saman?

Jo, vi går rett i angrep! Vi går i 0 – 0 – 3 formasjon!

Publikum – Kokken Tor – Jävlar på Kjärlek.

Med to av verdas beste landslag på scena og det publikum skal sørge for å bli verdens beste landslag føre scena, er målet å få jentene på fremste rad til å hoppe høgast og få gutane til å overdøyve høgtalarane på refrenga ! Det handlar om å få det til å koke, det handlar om ekstase og totalt ukontrollerte bevegelsar i samhandling med verdens kulaste låtar å få servert på fest!

Laurdag 16.februar 2019 kl.22.00 spelar LANDSKAMP opp til fest og dans på Larris scene i Førde.

KOKKEN TOR  er Thomas Lillerovde, bass – Kim Arin Schei, gitar – Torbjørn Gran, vokal og gitar. –  trommer.  

VIMENN

VIMENN

Laurdag 16. februar spelar show og partybandet «ViMenn» opp til fest og dans i Sunnfjordsalen kl. 00.30 etter showet/konserten til Staysman&Lazz.

Når Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen, som utgjer duoen Vi2 har behov for å rocke litt med ordentleg trommeslagar og bassist, og det får dei sjansen til det i dette prosjektet. Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er fast trommis og har vore med frå starten. Frå Hornindal/Førde har dei henta inn Torgrim Rødvik til å spele bass, han har tidlegare spelt i bl.a. Honndalen Soul & Funkarlag og Gilbeys..

Felles for låtane deira er at dei er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede. At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Laurdag 17.februar kl. 21.30 spelar ViMenn opp til fest og dans med party-musikk på Larris scene. Gjesteartist felespelaren Olivia McPeek Dvergsdal

BILLETT INFORMASJON:


Aldergrense 20 år.

EARLYBIRD-BILLETTAR:  kr.450.- , eit mindre tal billettar i salg frå tysdag 11.desember 2018 kl. 08.00  Maks 4 billettar per person. FØRST TIL MØLLA 

Billettprisen aukar etter at desse billettane er selde.

Eventuelle restbilletter i sal ved inngang laurdag 16.februar frå kl. 20.00 kr. 570.-. Dørene opnar kl. 21.00 til Larris scene.

Møt opp tidleg, unngå kø i innsjekk av billettar og armband. Helst minst 30 minutt før konsertstart

Billettsal på www.ticketco.no –   

Programendringer kan forekomme. Kansellering av artister/band og påfølgende programendringer vil ikke medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gis kun ved avlysning av hele arrangementet.

Tlbod på hotellpakker epost til : Sunnfjord@scandichotels..com  eller telefon 57 84 40 00, resepsjonen. 

Arrangør: Fjordane Musikkforum i samarbeid med Scandic Sunnfjord Hotel   www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum