laurdag 8.februar 2020.
Sunnfjord Vinterfest på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde . I Sunnfjordsalen spelar det engelske tribute-bandet KILLER QUEEN.
På Larris scene fest og showbandet KOKKEN TOR
Dørene opnar kl. 21.00 til Larris scene
KILLER QUEEN TIL FØRDE LAURDAG 8.FEBRUAR
God nyheit til alle Queen-fans! Engelske Killer Queen kjem til Førde. Dei har turnert i heile verda og er tidlegare kåra til verdas beste tribute-band. Høyr den fantastiske musikken – opplev eit storslagent show med Killer Queen og Patrick Myers som Freddie Mercury.
Killer Queen med Patrick Myers i rolla som Freddie Mercury er det berre å glede seg til. Ein kveld spekka med Queen sine klassiske hits i denne tribute-førestillinga som er det nærmaste du kan kome eit live Queen-show. Med autentiske instrument, same scenografi og lys, ingen kor eller blåsarar, berre rett og slett Queen slik det var i ”gode gamle dagar”…
Queen er eit av verdas største rockeband – nokon sinne. Sjølv om Queen sine karismatiske vokalist Freddie Mercury døydde i 1991, så lever musikken deira fortsatt i høgste grad. Kven kjenner ikkje hits som: We are the Champions, Bicycle Race, Bohemian Rhapsody, We Will Rock You og Crazy Little Thing Called Love?
Queen filmen Bohemian Rhapsody går sin seiersgang over heile verda og musikken vert spelt mykje på radio.
Killer Queen har turnert i heile verda og er utnemnt til Worldwide Tribute Band of the Year. Konsertane til bandet er så nær du kan kome det ekte Queen!
Laurdag 8.februar 2020 kl.22.00 spelar engelske Killer Queen opp til konsert/fest og show i Sunnfjordsalen under Sunnfjord Vinterfest 2020
KOKKEN TOR
– ein hyllest til norsk rock –
Kokken Tor er eit av Noregs mest populære og etterspurde band til å presentere norsk rock på norsk.
Kokken Tor er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som inneheld det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hit-konsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget m. fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen! Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det «galnaste» og «råaste» norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.
Kokken Tor har medlemar frå Sandane, Stryn, Bremanger og Florø: Vokal/gitar: Torbjørn Gran, Gitar: Kim Arin Schei, Bass: Thomas Lillerovde, Trommer: Jan Otto Hovden / Åge Nygård. Kokken Tor spelar på Larris scene laurdag 8 februar
SPELETIDER SUNNFJORD VINTERFEST 2020:
Kl.21.00 Dørene opnar..
Kl.22.00 Killer Queen, Sunnfjordsalen (spelar til ca 23.40)
Kl.23.40 Kokken Tor, Larris scene
Kl.02.00 Speleslutt og serveringa stenger i Sunnfjordsalen og Larris scene.
Kl.02.30 Arrangement slutt.
BILLETT INFORMASJON:
Aldergrense 20 år.
Billett kr.490.- EARLYBIRD – avgrensa tal billettar
Billett kr.540.- Førehandsal.
Eventuelle restbilletter i sal ved inngang laurdag 8.februar frå kl. 20.00 kr. 590.-. Dørene opnar kl. 21.00 til Larris scene.
Møt opp tidleg, unngå kø i innsjekk av billettar og armband. Helst minst 30 minutt før konsertstart
Billettsal på www.ticketco.no –
Tilbod på hotellpakker epost til : Sunnfjord@scandichotels..com eller telefon 57 84 40 00, resepsjonen.
Programendringer kan forekomme. Kansellering av artister/band og påfølgende programendringer vil ikke medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gis kun ved avlysning av hele arrangementet. Kjøpte billettar refunderes ikkje. Rett til programendringar
Arrangør: Fjordane Musikkforum i samarbeid med Scandic Sunnfjord Hotel www.fjordanemusikkforum.no www.facebook.com/fjordanemusikkforum