fbpx

Sunnfjord Vinterfest 2025


Dans og fest i to etasjar – Sunnfjordsalen og Larris scene


Plakat Sunnfjord Vinterfest 2025

Waterloo – The closest to Abba you ever will get!

Med det originale “sounden” og dei riktige kleda tar Waterloo oss med tilbake til nokre av dei største opplevingane i pophistoria! Ta med familie, venner og kollega og la dykk forføre…

I 1999 deltok Waterloo’s Agnetha (Camilla Dahlin) og Frida (Katja Nord) i det kjente svenske showet ”Sikta mot stjärnorna”, og vant konkurransen med deira slåande likskap med ABBA, både i forhold til utsjånad, framføring og sound.
Waterloo har sin base i Stockholm, og starta si karriere i 1996. Dei har med stor suksess turnert i Sverige og Norge, Dei har også turnert i USA, samt gjort konsertar i London, København, Praha, Thailand med meir. Etter eit show for 10 000 personar i Gent (Belgia) var suksessen eit faktum!!

Her får du servert hits frå ABBA, om t.d ”Dancing queen”, ”Mama Mia”, ”Take a chance”, ”Knowing me, knowing you” og alle dei andre internasjonale hitane kjem på løpende bånd!

«Svenske Waterloo gjør flott innsats og imiterer ABBA så godt at det rett og slett er deilig å la seg lure.» – Telemark Arbeiderblad –


Dørene opnar kl. 20:30.


WATERLOO a Tribute To ABBA konsertstart kl. 21:30 i Sunnfjordsalen. 
Møt opp i god tid, så du er klar til konsertstart!
Konserten har unummererte ståplassar. Aldersgrense 20 år.

Konsert, fest og dans med coverbanda:

VIMENN i Sunnfjordsalen.

Når Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen, som utgjer duoen Vi2 har behov for å rocke litt med ordentleg trommeslagar og bassist, og det får dei sjansen til det i dette prosjektet. Ole Martin Frimannslund frå Florø er fast trommis og har vore med frå starten. Frå Hornindal/Førde har dei henta inn Torgrim Rødvik til å spele bass, han har tidlegare spelt i bl.a. Honndalen Soul & Funkarlag og Gilbeys.  
Felles for låtane deira er at dei er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede.
At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Laurdag 15.februar spelar ViMenn opp til dans og allsong med party-musikk i Sunnfjordsalen. 

KOKKEN TOR på Larris scene.

Gutane  i Kokken Tor er på vegen for å hylle sine favorittartistar. Spelegleda og lysta på å reise rundt for å presentere den beste norske rocken er større enn nokon gong, og det er ikkje tilfeldig at bandet har blitt det mest populære og etterspurde til å gjere nettopp det! 
Med eit repertoar som består av det absolutt beste av norske rockeslagarar, tek dei med publikum på ei hardtslåande hitkonsert med låtar frå bl. andre DumDum Boys, deLillos, Jokke, CC Cowboys og Ingenting. Denne låtpakka presentert med ein musikalitet og energi som få kan måle seg med, er suksessfaktoren.
Det er ikkje utan grunn at bandet har på seg eit rykte om å være det «galnaste» og «råaste» norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.

Billettsalet er starta på ticketco.no
EARLY BIRD billettar! Kjøp no før prisen aukar!