fbpx

Sunnfjord Vinterfest laurdag 13.februar 2016.

Banda til neste års Sunnfjord Vinterfest i Førde er klare med Plumbo, ViMenn, Partybandet Norge og Pål Riise.
Billettsalet er starta på Scandic Sunnfjord Hotel og på nettet www.fordehuset.no

Plumbo er eit band frå Sande i Vestfold som såg sitt lys fyrste gang i 1999.
Dette har så langt resultert i 4 Gullplater, 1 Spelemannspris og 6 cd utgjevingar. «Full Opning» (2002), «På vei til Harryland» (2006). «Råkk`n Råll Harry» (2010), «Møkkamenn live» (2011), «Rådebank» (2012) og «Kom Som Dæ Sjæl» (2014)
Plumbo spelte på årets «Sunnfjord Vinterfest» med stor suksess, og styreleiar Agnar Gjelsvik i Fjordane Musikkform er svært glad for å få dei tilbake i 2016.

Plumbo pressebilde 2014
PARTYBANDET NORGE. Det ultimate Norske rockeshow, fett som smult. 4 staute karer med bena godt planta på jorda. Ei reise i norsk rock med slagarar frå 80, 90 talet, og litt frå dagens. Berre norsk på norsk, mykje humor og eit forrykande sceneshow og fargesprakande kostyme som representerer norsk kultur.

partybandet NORGE
VIMENN frå Førde spelar party- og rockelåtar som er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede. At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Bandet spelar i Barthold Bar.
ViMenn 2014- _5336 (2)
PÅL RIISE er den heilsprøe finnmarkingen, som for mange kanskje best kjent som Facebook-fenomenet DJNNS. Mannen som mellom anna ”avslørte” lengdejukset på Lambis do papir, blei krona til Nuddelprins av sjølvaste Mr. Lee, forsøkte å koke Freia sitt påskeegg, og fekk Stoltenberg til å love han pengane tilbake for juletreet, dersom mayaindianarane hadde rett om jorda sin undergang i 2012. Pål Riise held standup humorshow i Barthold Bar under Sunnfjord Vinterfest.

Pål Riise l1
Billettsalet er starta på Scandic Sunnfjord Hotel og på nettet www.fordehuset.no

-Fjordane Musikkforum –