fbpx

Sunnfjord Vinterfest laurdag 17.februar 2024

KILLER QUEEN TIL FØRDE LAURDAG 17.FEBRUAR 2024, Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord hotell

Spelestart kl. 21.30 (presis) til ca. kl. 23.10. MØT OPP I GOD TID SÅ DU ER KLAR TIL KONSERSTART.

Med Patrick Myers i rolla som Freddie Mercury er det berre å glede seg til ein kveld spekka med Queen sine klassiske hits i denne tribute-førestillinga, som er det nærmaste du kan kome eit live Queen-show. Med autentiske instrument, same scenografi og lys, ingen kor eller blåsarar, berre rett og slett Queen slik det var i ”gode gamle dagar”…

Queen er eit av verdas største rockeband – nokon sinne. Sjølv om Queen sin karismatiske vokalist Freddie Mercury døyde i 1991, så lever musikken forsatt i høgste grad. Kven kjennar ikkje hits som: «We are the Champions», «Bicycle Race», «Bohemian Rhapsody» og «Crazy Little Thing Called Love»?

Britiske KILLER QUEEN har turnert i heile Europa, spelte 71 konsertar i USA i 2022,  og er utnemnt til «Worldwide Tribute Band of the Year»

KILLER QUEEN i Sunnfjordsalen spelestart kl.21.30

Killer Queen si webside: www.killerqueenonline.com 

Videoar på youtube: www.youtube.com/channel/UC5BlrbunrRqtQc8vF6Bkiig

Glimmer til Førde og Sunnfjord Vinterfest, med speling i Sunnfjordsalen!

Coverbandet Glimmer med Jan Kjetil Klubben og Maria S. Underdal i front gjev deg fengande og dansebar låtar med gnistrande gitarspel og fantastiske songstemmer. Ein sikker leverandør av god stemning og høg partyfaktor, kvar gang. Med eit repertoar som spenner i frå 50-tallet og frem til dagens musikk er Glimmer eit band som gjev deg alt frå rolege musikalske innslag, akustisk format til allsong og dans, eller forrykande, fargerike partyet. Bandet er det energiske og joviale partymaskineriet som tar festen til nye høgde!

VIMENN spelar på Sunnfjord Vinterfest 2024. 

Laurdag 17. februar spelar show og partybandet «ViMenn» opp til dans på Larris Scene. 

Når Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen, som utgjer duoen Vi2 har behov for å rocke litt med ordentleg trommeslagar og bassist, og det får dei sjansen til det i dette prosjektet. Ole Martin Frimannslund frå Florø er fast trommis og har vore med frå starten. Frå Hornindal/Førde har dei henta inn Torgrim Rødvik til å spele bass, han har tidlegare spelt i bl.a. Honndalen Soul & Funkarlag og Gilbeys. 

Felles for låtane deira er at dei er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede.

At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Laurdag 17.februar spelar ViMenn opp til dans og allsong med party-musikk på Larris scene.


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet på epost; Sunnfjord@scandichotels.com  eller direkte til resepsjonen på tlf. 57 83 40 45

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid – unngå kø. 

Så du er klar til konsertstart. Dørene opnar kl.20.30 til Sunnfjordsalen  

BILLETTPRISAR:

Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 890.-.  

Billett EARLY BIRD, prisar startar frå kr. 640.- (Avgrensa tal billettar til Early Bird.) 

(Billettprisar inkludert salsgebyr)

Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer  

Arrangør: Gloppen Musikkforum i samarbeid med Fjordane Musikkforum og Scandic Sunnfjord Hotell og andre samarbeidspartnarar . 

– Fjordane Musikkforum-    www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum