fbpx

Sunnfjord vinterfest

Uten navnKonkurranse på Facebook. Tre av våre venner vinn kvar sin billett til Sunnfjord Vinterfest. Konkurransen finn du HER!

 

 

PLUMBO kjem til Sunnfjord vinterfest – Førde laurdag 16. februar 2013.

I tillegg skal banda «ViMenn» og «Gran Prix» spele.
Plumbo er eit band frå Sande i Vestfold som såg sitt lys fyrste gang i 1999. Så langt har dette resultert i 4 cd utgjevingar.

  • «Full Opning» (2002),
  • «På vei til Harryland» (2006).
  • «Råkk`n Råll Harry» (2010).
  • «Møkkamenn live»

(2011). «Råkk`n Råll Harry» har 33 veke på VG-lista og «Møkkamenn live» har 8 veker på same lista. «Råkk`n Råll Harry» har også fått sin velfortente Gullplate for over 15.000 selde plater.

I juni 2012 kom Plumbo ut med albumet «Rådebank», som etter 4 vekers sal fekk Gullplate og gjekk rett inn på 2.plass på VG–lista.

Proppen løysna skikkeleg for Plumbo med hiten «Møkkamann» som fekk spelemannsprisen for Årets låt 2011 og har selt til trippelplatina på iTunes med 33.000 nedlastingar og vorte streama over 6 millionar gonger på nettet. Den offisielle musikkvideoen passerar i desse dagar 3,3 millionar visningar på You tube. I tillegg
har den toppa VG-singellista og har totalt 22 veker på lista.

Tideleg i 2012 var Plumbo med i Melodi Grand Prix der dei vant delfinalen i Larvik og kom til gullfinalen i Spektrum med låten «Ola Nordmann». Dette er også ein låt som allereie er lasta ned til Gullplate som gutane har fått utdelt. Den har ein 4. plass på VG-lista.

Plumbo er eit av Norges mest turnerende band og reiser land og strand rundt og lager eit fantastisk liv frå scena og har ein smittande effekt på publikum. Plumbo er eit fantastisk liveband som lager eit forrykande sceneshow som bare må opplevast.

Har du ikkje vore på Plumbo konsert, så ta turen på «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 16.februar 2013 i Sunnfjordsalen, du vil ikkje angre.

www.heltplumbo.net

Billettsal i resepsjonen på Rica Sunnfjord Hotell eller elektronisk HER.

Billett i førehandssal kr. 430.- Ev. restbillettar ved inngang kr. 470.- . Grupperabatt ved kjøp av minimum 10 billettar kr. 390.- . Aldersgrense 20 år.