fbpx

WENCHE MYHRE TIL FØRDE

Torsdag 17. oktober kl. 19.30 til 21.00, Førdehuset kinosalen

Billettar kjøper du HER!

wenche

Fredag 15. februar 2013 blei Wenche Myhre 66 år! Dette feira ho i eit utselt Drammens Teater. Faktisk var så og seie alle vinteren sine 18 jubileums førestillingar utselde, og no slepp ho 18 datoar for hausten 2013.

Wenche Myhre er ein av våre mest folkekjære og slitesterke norske artistar, og ho har også nådd ut til eit stort internasjonalt publikum gjennom ei snart 60 år lang karriere. Mange husker henne i tospann med Povel Ramel. Andre får straks opp eit bilde av Wenche som snørrete barnehageunge med spann og bøtte og sydvest, mens heile Tyskland, der ho i fleire tiår har hatt superstjernestatus, smilar og snakkar varmt om «Die Wencke». Så er det dei som byrjar å nynne på monster-hit’en «Når jeg blir seksogseksti». No er ho endeleg i sitt 66. år, og markerar dette med ein stor turné, singelutgjeving og biografien “66 – et liv utan sikkerhetsnett”, ført i pennen av Mona Levin. Den nye singelen, “Prinsesse Smil”, spesialskreve for Wenche av Åge Aleksandersen, fikk nyleg 5/6 i Dagbladet, som kalla den ei “Hymne til livsgleden”.

Med på jubileums-turneen har Wenche Myhre med seg Anders Eljas Orkester, beståande av Anders Eljas (kapellmester/flygel/keyboard/trekkspill), Steinar Larsen (gitar), Tom Erik Antonsen (bass), Einar Thorbjørnsen (keyboard), Arild Torvik (percussion/trommer) og gjestesolist Reidar Myhre (Wenches bror) på saksofon, samt 2 kordamer.

Vi er svært glade for å få Wenche Myhre til Førde og dette blir nok ein av haustens store konsertar, seier Agnar Gjelsvik styreformann i Fjordane Musikkforum.

Billettsalet startar laurdag 18.mai.

Fjordane Musikkforum